Trekket er for høgt

Om vi har starta tvangsinnkrevjing, og du meiner at trekket i inntekta er for høgt, kan du søkje om å få endra eller stansa trekket.

Når vi får søknaden din, vurderer vi storleiken på trekket på nytt. Ser vi at trekket er for høgt, sender vi melding til arbeidsgivaren din eller til Nav om eit nytt og lågare trekk. Dei kan ikkje endre trekket før vi har gitt beskjed om det.

Viktig informasjon

Merk deg at viss du får innvilga søknaden om lågare trekk, vil det forlenge nedbetalingstida di. 

Viss det blir berekna forseinkingssrenter på kravet ditt, vil også det kunne forlenge nedbetalingstida di.

Søk om endring av trekk

Du kan også sende inn søknaden på papir. Det må komme fram kvifor du meiner trekket er for høgt. Signer søknaden din.

Send søknaden til:

Skatteetaten
Postboks 455
8601 Mo i Rana

Opplysningar i søknaden

Når vi behandlar søknaden din, tar vi berre omsyn til dei opplysningane du dokumenterer. Du må derfor leggje ved dokumentasjon på at dei opplysningane du gir, er rette.

Døme på opplysningar som kan vere viktige å dokumentere:

  • om inntekta di har gått ned
  • nye utgifter som vi kan ta omsyn til, som ikkje allereie er registrerte
  • auke i eksisterande utgifter, til dømes husleige
  • endra sivilstatus, slik at du har vorte åleine om utgiftene
  • om du forsørgjer ektefellen eller sambuaren din

Du treng ikkje å dokumentere utgifter til livsopphald.

Du skal ha pengar til livsopphald

Viss berekninga vår viser at du ikkje har nok pengar igjen til nødvendig livsopphald, vil vi ikkje trekkje av inntekta di. Dersom det blir berekna forseinkingsrenter på kravet ditt, vil storleiken på kravet auke. Når den økonomiske situasjonen din blir betre, startar vi trekket igjen.

Du får ikkje pengar tilbake

Om du har fått innvilga lågare trekkbeløp, men allereie har fått trekk i lønna, har vi brukt det som allereie er trekt til å betale ned på det ubetalte kravet ditt.