Bidrag når barnet er over 18 år
Når barnet ditt har fylt 18 år, går utbetalingar av attståande bidrag direkte til barnet og ikkje via deg. Viss barnet går på vidaregåande skule og er over 18 år, kan hen søkje om vidare barnebidrag.
Barnebidraget varer normalt ut den månaden barnet fyller 18 år. Viss du ikkje har fått heile barnebidraget når barnet ditt fyller 18 år, held vi fram med å krevje inn pengane frå den bidragspliktige.
Fullmakt når barnet har fylt 18 år
Når barnet har fylt 18 år er barnet sjølv part i saka, og du som tidlegare bidragsmottakar, vil ikkje lenger ha innsyn. Viss barnet ønskjer bistand frå deg, kan barnet gi deg fullmakt.
Barnebidrag for barn på vidaregåande skule
Barn over 18 år, som går på vidaregåande skule eller tilsvarande, kan ha rett til å søkje om bidrag hos Nav.