Betalingsavtale for krav frå Helfo, Garantikassa og dei fleste krav frå Nav
Om du ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan du søkje om å dele opp dei fleste krava frå Nav, og krav frå Helfo og Garantikassa.
Søk om å dele opp barnebidrag eller andre underhaldsbidrag
Du kan ikkje få betalingsavtale for etteroppgjer i uføretrygd og omstillingsstønad.
Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.
Dele opp betalinga
For å kunne sende inn skjemaet for andre, må du ha tilgang på vegne av personen eller virksomheten du representerer. Oversikt over dine roller og rettigheter finner du i din profil i Altinn (altinn.no).
For å fylle ut og sende inn skjemaet, må du ha enten
- Altinn-rollen Begrenset signeringsrett
eller
- tilgangspakke Innkreving
Hvis du trenger tilgang på vegne av en virksomhet og du ikke har noen av disse rollene, må du kontakte daglig leder i virksomheten din, eller en person med tilgangstyringsrettigheter.
Kontakt Altinn brukerservice (altinn.no) hvis du har problemer med roller og rettigheter.
- Krav under 100 000 kroner skal vere nedbetalte innan 2 år, og det månadlege beløpet må vere på minst 500 kroner.
- Krav på 100 000 kroner eller meir skal vere nedbetalte innan 4 år.
Du kan sjølv føreslå eit månadleg betalingsbeløp over minimumsbeløpa. Vi vurderer forslaget ditt opp mot vilkåra våre.
Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer betalingsavtale for, og det kan heller ikkje vere vedtatt at du skal trekkjast i inntekta di.
Du kan ikkje klage på ein betalingsavtale.
Om du har alvorlege gjeldsproblem
Om du har stor gjeld til andre kreditorar i tillegg til Skatteetaten, bør du søkje om ein felles avtale med kreditorane dine, ei gjeldsordning.
- Les meir om gjeldsordning hos politiet.
- Nav tilbyr også økonomisk rådgiving og gjeldsrådgiving.