Klage på innkrevjinga av krav frå Helfo, Garantikassen og Nav

Når vi krev inn pengar på vegner av andre, har du har rett til å klage på innkrevjinga.

Gjeld det meg?

Denne sida gjeld krav vi krev inn på vegner av Helfo, Garantikassen for fiskarar og Nav.

Du kan klage til oss om du meiner noko er feil i saksbehandlinga eller innkrevjingsprosessen. Om du vil klage på sjølve kravet, må du kontakte dei som har oppretta kravet.

Vel rett klageskjema

Du kan klage på:

På papir

Du kan også sende klagen i posten til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Dette må klagen innehalde

Klagen må innehalde

  • kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga eller at trekket er for høgt
  • kvifor du klagar
  • kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekket
  • relevant dokumentasjon
  • signaturen din

Klagefristen varierer frå sak til sak

Du finn klagefristen som gjeld saka di i brevet du har fått frå oss.

Innkrevjinga held fram sjølv om du har klaga

Ver klar over at klagen vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.