Klage på innkrevjinga av krav frå Helfo, Garantikassen og Nav

Når vi krev inn pengar på vegner av andre, har du har rett til å klage på innkrevjinga.

Gjeld det deg?

Dette gjeld deg som har krav frå Nav, Helfo og Garantikassen for fiskarar.

Merk at du må bruke eigne skjema for å klage på

Klage på innkrevjinga

Du kan klage til oss om du meiner noko er feil i saksbehandlinga eller innkrevjingsprosessen. Om du vil klage på sjølve kravet, må du kontakte dei som har oppretta kravet.

Viss du skal klage på avgjerd om utlegg, kan du logge inn. Då får du informasjon om sakene dine, sjå om du har utleggstrekk, og kva val du har.

 

På papir

Du kan sende klaga i posten til:

Skatteetaten
Postboks 455 
8601 Mo i Rana 

Dette må klagen innehalde

Klagen må innehalde

  • kva du klagar på – til dømes saksbehandlinga eller at trekket er for høgt
  • kvifor du klagar
  • kva du ønskjer å oppnå med klagen – til dømes at vi stansar trekket
  • relevant dokumentasjon
  • signaturen din

Klagefristen varierer

Du finn klagefristen som gjeld saka di i brevet du har fått frå oss.

Innkrevjinga held fram sjølv om du har klaga

Ver klar over at klagen vanlegvis ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.