Flytte i Noreg
Dersom du skal flytte, må du sende flyttemelding til Folkeregisteret. Flyttemeldinga må du sende tidlegast 31 dagar før og seinast 8 dagar etter at du har flytta.
For at vi skal kunne gi informasjon som er tilpassa deg, må du svare på nokre spørsmål.
Dersom du ønskjer å få posten din send til ei anna adresse enn der du bur, kan du registrere ei postadresse.