Søk om digital tilgang til andre sine skatteforhold når du har fremtidsfullmakt

Du kan søkje om digital tilgang til andre sine skatteforhold, som til dømes skattekortet, skattemeldinga og skatteoppgjeret, når du har ei framtidsfullmakt som har tatt til å gjelde. Når du har fått tilgangen, treng du ikkje å søkje på nytt neste år.

Kven kan søkje?

Du kan søkje om digital tilgang viss du har ei framtidsfullmakt som har tatt til å gjelde. At fullmakta har tatt til å gjelde, betyr at personen som har gitt deg framtidsfullmakta ikkje lenger klarer å ta hand om interessene sine sjølv. Dette skjer som oftast når helsa til personen er monaleg svekt, eller når ei sinnsliding som demens har utvikla seg.

Viss du berre har signert framtidsfullmakta og ho ikkje har tatt til å gjelde enno, kan du ikkje bruke henne til å få digital tilgang.

Slik søkjer du

Før du søkjer


Stadfesting hos statsforvaltaren

Du kan be statsforvaltaren om å stadfeste at framtidsfullmakta har tatt til å gjelde. Fordelen med å få statsforvaltaren til å stadfeste dette, er at det kan bli enklare for deg å representere fullmaktsgivaren overfor tredjepartar.

Når statsforvaltaren har stadfesta at framtidsfullmakta har tatt til å gjelde, registrerer dei dette i folkeregisteret. Då går saksbehandlinga hos oss i Skatteetaten litt raskare. Du treng ikkje å sende oss dokumentasjon på stadfestinga.

Du kan søkje om digital tilgang utan ei slik stadfesting, men då må du laste opp meir dokumentasjon.


Finn fram dokumentasjonen

Du må laste opp sjølve fremtidsfullmakta når du søkjer. Er den stadfesta, trenger du ikkje å dokumentere stadfestinga, men vi må uansett få fremtidsfullmakta.

Viss statsforvaltaren ikkje har stadfesta at framtidsfullmakta har tatt til å gjelde, må du i tillegg laste opp:

  • ei legeerklæring som viser at fullmaktsgivaren ikkje lenger klarer å ta hand om interessene sine sjølv
  • dokumentasjon på at dei pårørande er varsla om innhaldet i framtidsfullmakta og om at ho har tatt til å gjelde


Er du usikker på kva dokumentasjonen må innehalde? Les meir om framtidsfullmakt på nettsidene til Sivilrettsforvaltninga.

Logg inn, fyll ut og send inn søknaden

  1. Logg deg inn.
  2. På spørsmålet om det gjeld ei sak som er i gang, svarer du Nei.
  3. På spørsmålet om du kontaktar oss på vegner av nokon andre, svarer du Ja.
  4. Fyll inn fødselsnummeret til personen som har gitt deg framtidsfullmakta, og last opp framtidsfullmakta.
  5. I fritekstfeltet kan du skrive "Treng digital tilgang.".
  6. Viss statsforvaltaren ikkje har stadfesta at framtidsfullmakta har tatt til å gjelde, må du i tillegg laste opp legeerklæringa og resten av dokumentasjonen som vedlegg.
  7. Send inn skjemaet.

Logg inn og fyll ut skjemaet

Søk om digital tilgang

Dette skjer etter at du har søkt

Vi behandlar søknaden din

Når du har sendt inn skjemaet, behandlar vi søknaden din manuelt. Normal saksbehandlingstid er inntil 4 veker. Vi kontaktar deg viss det manglar noko i dokumentasjonen du har sendt inn.

Vi sender deg ei stadfesting

Når vi har behandla søknaden din, informerer vi deg om at du har fått digital tilgang.

Nokre e-postar kan bli plukka ut av søppelpostfilteret. Sjekk søppelposten din viss du ikkje høyrer frå oss.

Du får tilgangen og kan logge inn

Når du har fått stadfestinga frå oss, kan du logge inn på nettsidene våre og velje å sjå dine eigne eller fullmaktsgivaren sine skatteforhold.

Du kan slette tilgangen du har fått

Viss du ikkje lenger skal vere fullmektig, kan du slette tilgangen du har fått.

  1. Logg deg inn i Altinn.
  2. Vel å rapportere på vegner av personen du skal slette tilgangen din til.
  3. Vel "Profil" i menyen.
  4. Vel "Skjema og tenester du har rettar til".
  5. Vel "Fjern ein eller fleire rettar".

Viss personen du har framtidsfullmakt for døyr, treng du ikkje å gjere noko. Då vil tilgangen din bli fjerna automatisk.