Sjå kven sine skatteforhold du har tilgang til
Har du tilgang til skatteforholda til andre personar, ser du ei oversikt over desse når du loggar deg på nettsidene våre.
Tilgang til fleire enn du trudde?
Somme har tilgang til mange personar og verksemder. Det er vanlegvis fordi du har fått tilgang gjennom arbeid, til dømes om du er rekneskapsførar, revisor eller forretningsførar.
Slik finn du ut kvifor du har tilgang
I Altinn kan du sjå fleire detaljar om kva du har tilgang til og kva tid du fekk tilgangen.
Når du har logga inn i Altinn, kan du trykkje på personen du vil sjå og velje «Skjema og tenester du har rett til». Du finn informasjon under roller, og kan klikke på spørsmålsteiknet til høgre for å sjå kva tid du fekk tilgang.
Slik får du tilgang
Når du har tilgang til andre sine skatteforhold, kan du hjelpe dei med mellom anna skattekortet, skattemeldinga og skatteoppgjeret. Du kan til dømes få tilgang til skatteforholda til foreldra dine.