Redusert kjeldeskatt på framtidig aksjeutbytte for utanlandske aksjonærar

Norske selskap trekkjer som hovudregel 25 prosent kjeldeskatt av aksjeutbytte. Er du utanlandsk aksjonær, kan du likevel ha rett til redusert kjeldeskatt på utbytte du får. For å få redusert sats ved utbetaling, må du dokumentere at du eller selskapet ditt har rett til det.

Gjeld det meg?

Denne sida gjeld deg som

  • er utanlandsk aksjonær i eit norsk selskap, eller representerer ein utanlandsk aksjonær
  • ventar å få utbytte frå eit norsk aksjeselskap

Viss du allereie har fått utbyttet, må du søkje om refusjon av kjeldeskatt.

For å ha krav på redusert kjeldeskatt, må du

Har du tidlegare vore busett i Noreg, må du vere skattemessig emigrert før du kan krevje redusert kjeldeskattesats.

For å ha krav på fritak, må selskapet

  • svare til ein av dei norske selskapstypane som er lista opp i skattelova § 2-38 første ledd bokstav a-h, bokstav i. Ikkje-norske selskapsformer der eigarane har avgrensa ansvar, vil vanlegvis oppfylle dette vilkåret.
  • vere reelt etablert og drive reell økonomisk aktivitet i eit EØS-land. 
  • vere endeleg mottakar av utbyttet. Viss ein aksjonær til dømes er strukturert som eit paraplyfond med fleire underfond, er det underfonda som blir rekna som endelege mottakarar av utbyttet.

Sjå om banken din kan trekkje med redusert sats

Viss banken din har godkjenning til det, kan dei bruke 0 prosent eller redusert skattesats allereie ved utbetalinga. Då slepp du å søkje om refusjon i ettertid.

I lista under ser du alle bankar som har godkjenning av Skatteetaten til å trekkje lågare kjeldeskatt enn 25 prosent.

Lista viser namnet på banken, landet kor banken har hovudkontor, og om banken har løyve til å trekkje kjeldeskatt med

Merk at fritaksmetoden ikkje gjeld for personlege aksjonærar (privatpersonar).

Ved å trykkje på lenka i namnet til banken kjem du til informasjonssida til Finanstilsynet om banken.

Du kan søkje etter bank eller land:

Slik gjer du det

Personleg aksjonær

Dette må du ha klart av dokumentasjon:

  • Eigenerklæring om at du er den endelege mottakaren av utbyttet. Det er ingen formkrav til erklæringa, men ho må vere signert og datert.
    • Viss nokon andre enn deg signerer eigenerklæringa, må hen leggje ved ei gyldig fullmakt frå deg. 
  • Bustadstadfesting frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt, der det står tydeleg at du er skattemessig busett i landet etter skatteavtale med Noreg. Bustadstadfestinga må ikkje vere eldre enn tre år på tidspunktet for skattetrekket.

Viss bustadstadfestinga er skriven ut for eit tidlegare inntektsår, er ho gyldig frå utgangen av inntektsåret. Om ho spesifiserer eit tidsrom mellom to datoar, må ho fornyast innan tre år frå sluttdatoen.

Døme: Ei bustadstadfesting som oppgir bustad frå 31. august 2018 til 31. desember 2018, må fornyast innan 31. desember 2021.

Du treng ikkje å leggje fram bustadstadfesting om du forventar at ordinære utbytte i løpet av året vil vere mindre enn 10 000 kroner til saman. Beløpsgrensa gjeld per selskap du har investert i.

Ved ekstraordinære utbytteutdelingar (i tillegg til dei ordinære), gjeld ei ny beløpsgrense på 10 000 kroner totalt per år.

Unntak frå dokumentasjonskrava

Viss selskapet som deler ut utbytte kan stadfeste at du har rett til redusert kjeldeskatt, treng du ikkje å leggje fram dokumentasjon.

Du skal ikkje sende dokumentasjonen til Skatteetaten.

Kven du skal leggje fram dokumentasjonen for, kjem an på om det norske selskapet du eig aksjar i, er børsregistrert (Oslo Børs) eller ikkje.

Viss selskap er børsnotert, er aksjane registrerte på ein VPS-konto. VPS-kontoen og aksjane kan vere registrerte i namnet på aksjonæren eller forvaltaren.

  • Aksjane er registrerte i namnet på forvaltaren (NOM-konto): Du skal leggje fram dokumentasjonen for forvaltaren.
  • Aksjane og kontoen er registrert direkte i ditt eige namn: Du skal leggje fram dokumentasjonen for kontoførar investor. Kontoførar investor er den som har oppretta og administrerer VPS-kontoen.

Om du har aksjar i eit selskap som ikkje er børsnotert, skal du leggje fram dokumentasjonen direkte for det norske selskapet som deler ut utbyttet.

Dokumentasjonen kan oppbevarast elektronisk

Forvaltar, kontoførar investor eller utdelande selskap kan oppbevare dokumentasjonen elektronisk. Det er ikkje nødvendig å oppbevare dokumentasjonen i papirform.

Selskapsaksjonær

Ei førehandsgodkjenning dokumenterer at du har rett på lågare trekk av kjeldeskatt. Du treng ikkje å søkje om førehandsgodkjenning om du allereie har fått innvilga vedtak om refusjon og grunnlaget er uendra.

Når du søkjer om førehandsgodkjenning, kan du søkje etter ulike rettsgrunnlag:

Du kan ha krav på redusert sats ved trekk av kjeldeskatt om du eller selskapet ditt høyrer heime i eit land som Noreg har skatteavtale med.

Last ned og fyll ut:

 
Vedlegg til søknaden

Du må leggje ved bustadstadfesting frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt. Det må stå tydeleg at selskapet er skattemessig heimehøyrande i landet etter skatteavtale med Noreg. Bustadstadfestinga kan ikkje vere eldre enn seks månader.

Om du krev redusert kjeldeskatt etter ein spesialregel i skatteavtalen, må du presisere dette i søknaden og leggje ved dokumentasjon som viser at du oppfyller krava i den aktuelle spesialregelen.

Deter berre selskapsaksjonærar somhøyrer heimei EØS som kan få fritak frå kjeldeskatt etter fritaksmetoden.For å ha krav på fritak, må selskapet

Last ned og fyll ut:

Dette må søknaden innehalde:
  • Bustadstadfesting eller registreringsbevis som viser at selskapet ditt høyrer heime i eit EØS-land. Stadfestinga må ikkje vere eldre enn seks månader.
  • Forklaring av selskapsform, med ei vurdering av kva for ein norsk selskapstype selskapet svarer til som følgjer av skattelova § 2-38 første ledd bokstav a-h.
  • Grunngiving for kvifor selskapet skal reknast for å vere reelt etablert og drive reell økonomisk aktivitet innanfor EØS.

Representantar som søkjer på vegner av ein aksjonær, må anten

  • leggje fram signert fullmakt frå aksjonæren, eller
  • aksjonæren må sjølv signere søknadsskjemaet

Send søknaden og dokumentasjonen til

Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo

Du treng ikkje å fornye førehandsgodkjenninga så lenge forholda ho byggjer på, er dei same.

  • Endring av organisasjonsform
  • Endring av forretningsadresse til eit anna land
  • Fusjonar, fisjoner, aksjesal og andre transaksjonar som endrar strukturen og eigarskapen til selskapet
  • Endring i føremålet til verksemda i styrande dokument, til dømes vedtekter

  • Endring av selskapsnamn
  • Endring av forretningsadresse innanfor same land

Dette må du ha av dokumentasjon:

  • Førehandsgodkjenning eller vedtak om innvilga refusjon av kjeldeskatt frå Skatteetaten.
    • Luxembourgske SICAV UCITS Part I er unntatt frå dette kravet.
    • Merk: Når grunnlaget er fritaksmetoden, må du sende inn ei eigenerklæring som stadfestar at grunnlaget for skattefritaket framleis er det same som det vedtaket eller førehandsgodkjenninga byggjer på. Eigenerklæringa må ikkje vere meir enn tre år på tidspunktet for skattetrekket.
  • Eigenerklæring om at selskapet er den endelege mottakaren av utbyttet.
    • Det er ingen formkrav til erklæringa, men ho må vere signert og datert.
    • Viss nokon andre enn deg signerer eigenerklæringa, må hen leggje ved ei gyldig fullmakt frå deg. 
  • Bustadstadfesting eller registreringsbevis (berre EØS) frå skattestyresmaktene i bustadlandet ditt.
    • Stadfestinga eller registreringsbevis må ikkje vere eldre enn tre år på tidspunktet for skattetrekket.  
    • Om du søkjer på grunnlag av skatteavtalen, må det står tydeleg at selskapet er skattemessig heimehøyrande i landet etter skatteavtale med Noreg.

Viss bustadstadfestinga er skriven ut for eit tidlegare inntektsår, er ho gyldig frå utgangen av inntektsåret. Om ho spesifiserer eit tidsrom mellom to datoar, må ho fornyast innan tre år frå sluttdatoen.

Døme: Ei bustadstadfesting som oppgir bustad frå 31. august 2018 til 31. desember 2018, må fornyast innan 31. desember 2021.

Hovudregelen er at bustadstadfestinga skal vise til skatteavtalen med Noreg. Vi aksepterer bustadstadfestingar utan ei slik tilvising heilt unntaksvis og etter konkret vurdering.

Vi er kjende med at amerikanske skattestyresmakter (IRS) ikkje utferdar bustadstadfestingar med tilvising til skatteavtalen. Bustadstadfestingar utferda av IRS vil likevel vere tilstrekkeleg dokumentasjon på bustad etter skatteavtalen mellom Noreg og USA.

Unntak frå dokumentasjonskrava

Viss selskapet som deler ut utbytte kan stadfeste at du har rett til redusert kjeldeskatt, treng du ikkje å leggje fram dokumentasjon.

Du skal ikkje sende dokumentasjonen til Skatteetaten.

Kven du skal leggje fram dokumentasjonen for, kjem an på om det norske selskapet du eig aksjar i, er børsregistrert (Oslo Børs) eller ikkje.

Viss selskap er børsnotert, er aksjane registrerte på ein VPS-konto. VPS-kontoen og aksjane kan vere registrerte i namnet på aksjonæren eller forvaltaren.

  • Aksjane er registrerte i namnet på forvaltaren (NOM-konto): Du skal leggje fram dokumentasjonen for forvaltaren.
  • Aksjane og kontoen er registrert direkte i ditt eige namn: Du skal leggje fram dokumentasjonen for kontoførar investor. Kontoførar investor er den som har oppretta og administrerer VPS-kontoen.

Om du har aksjar i eit selskap som ikkje er børsnotert, skal du leggje fram dokumentasjonen direkte for det norske selskapet som deler ut utbyttet.

Dokumentasjonen kan oppbevarast elektronisk

Forvaltar, kontoførar investor eller utdelande selskap kan oppbevare dokumentasjonen elektronisk. Det er ikkje nødvendig å oppbevare dokumentasjonen i papirform.

Spesielt for deg som

Nokre endringar krev at du fornyar førehandsgodkjenninga di.

Forhold som krev fornying:

  • Endring av organisasjonsform
  • Endring av forretningsadresse til eit anna land
  • Fusjonar, fisjoner, aksjesal og andre transaksjonar som endrar strukturen og eigarskapen til selskapet
  • Endring i føremålet til verksemda i styrande dokument, til dømes vedtekter

Forhold som ikkje krev fornying:

  • Endring av selskapsnamn. Du må likevel leggje fram stadfesting på namneendringa for forvaltar eller kontoførar investor. Stadfestinga må vere signert og datert.
  • Endring av forretningsadresse innanfor same land.

 

Hovudregelen er at bustadstadfestinga skal vise til skatteavtalen med Noreg. Vi aksepterer bustadstadfestingar utan ei slik tilvising heilt unntaksvis og etter konkret vurdering.

Vi er kjende med at amerikanske skattestyresmakter (IRS) ikkje utferdar bustadstadfestingar med tilvising til skatteavtalen. Bustadstadfestingar utferda av IRS vil likevel vere tilstrekkeleg dokumentasjon på bustad etter skatteavtalen mellom Noreg og USA.

Dokumentasjonskrava gjeld også for overnasjonale organisasjonar.

Som alternativ til ei førehandsgodkjenning eller vedtak om refusjon av kjeldeskatt, kan overnasjonale organisasjonar leggje fram ei tilvising til ein traktat som eksplisitt seier at organisasjonen er unntatt skatt i medlemslanda.

Når du er skattemessig busett i Noreg, kan du ikkje krevje redusert kjeldeskatt på aksjeutbytte.

Viss selskapet som utbetaler utbytte er usikre på om du er skattemessig busett i Noreg eller i eit anna land, kan du be oss om ei bustadstadfesting for å få stadfesta globalskatteplikta di til Noreg etter norsk internrett.

Kontakt oss

Om du har spørsmål, kan du skrive til oss.

Hugs at du ikkje må dele sensitive opplysningar når du ikkje er logga inn.

Aktuelt regelverk