Skattemelding og skatteoppgjer

I mars/april kvart år kjem skattemeldinga. Det er ei oversikt over inntektene og frådraga dine, og formuen din og gjelda di. Når skattemeldinga er levert, må Skatteetaten behandle henne. Når skattemeldinga er ferdig behandla, lagar vi eit skatteoppgjer. Har du skatteforhold både på fastlandet og til Svalbard, vil du få to skatteoppgjer.

Skattemelding

Får du skattemelding for lønnstakarar og pensjonistar, må du sjekke at tala i skattemeldinga stemmer. Skattemeldinga inneheld forhold som både gjeld fastlandet og Svalbard. Du må sjølv fordele inntekter, frådrag, formue og gjeld til det rette skattleggingsområdet. 

Fristen for å levere skattemeldinga er 30. april kvart år. 

Logg inn, sjekk og lever skattemeldinga di: 

Opne skattemeldinga 

Hjelp til å endre skattemeldinga 

Flytter du til Svalbard direkte frå utlandet har du avgrensa skatteplikt til Svalbard dei første 5 åra. Dersom du berre har lønnsinntekt, har du ikkje plikt til å levere skattemelding. Skatteetaten kan likevel krevje at du leverer skattemelding. 

Skatteoppgjer

Har du inntekt eller formue som er skattepliktig både på fastlandet og Svalbard vil du få to skatteoppgjer. Eitt for fastlandet og eitt for Svalbard. Eventuelle framførbare underskott vil stå på skatteoppgjera.  

Framførbart underskott 

Dersom du har større frådrag enn inntekter i eit inntektsår kan du normalt bruke frådraget i seinare år. Dette blir kalla framførbart underskott.  
 
Framførbare underskott kan opparbeidast både på fastlandet og på Svalbard. Eit framførbart underskott på Svalbard kan ikkje nyttast på fastlandet eller motsett. 

Framførbare underskott på Svalbard vil ikkje reknast mot inntekt i lønnstrekkordninga.   

Du kan også ha eit eige framførbart underskott i næringsverksemd på Svalbard. 

Næringsdrivande

Får du skattemelding for næringsdrivande må du levere innan 31. mai. 

Næringsdrivande må levere skattemeldinga med vedlegg elektronisk.

Har du mellombels opphald, altså at du oppheld deg på Svalbard samanhengande i minst 30 dagar, men under eitt år, og driv næringsverksemd på Svalbard, må du spesifisere svalbardinntekta i skattemeldinga.