Skattlegging av andre inntekter på Svalbard
Anna inntekt og formue blir skattlagde etter kva du har oppgitt i skattemeldinga di.
Andre inntekter kan vere inntekt av kapital, til dømes:
- leigeinntekter på Svalbard
- gevinst ved sal av eigedom
- utbytte og gevinst ved realisasjon av aksjar
- næringsinntekt
Det er nettoinntekta som blir skattlagd, og du kan føre frådrag for kostnader du har hatt i samband med inntekta.
Lønnsinntekt blir skattlagd ved direkte trekk i lønn (lønnstrekkordninga) og skal derfor ikkje førast i skattemeldinga di. Du finn meir informasjon på Skattlegging av lønn for arbeid på Svalbard
Det er dermed to skatteordningar på Svalbard:
- skattlegging ved lønnstrekk av lønn og pensjon
- skattlegging av formue og anna inntekt enn lønn
Dersom du har alminneleg skatteplikt til Svalbard som busett, eller du er avgrensa skattepliktig for lønn og fast eigedom og/eller næringsverksemd, kan det vere at du kjem inn under begge skatteordningane.