Skattelegging av andre inntekter på Svalbard

Anna inntekt og formue blir skattlagde etter kva du har oppgitt i skattemeldinga di.

Andre inntekter kan vere inntekt av kapital, til dømes:

  • leigeinntekter på Svalbard
  • gevinst ved sal av eigedom
  • utbytte og gevinst ved realisasjon av aksjar 
  • næringsinntekt

Det er nettoinntekta som blir skattlagd, og du kan føre frådrag for kostnader du har hatt i samband med inntekta.

Lønnsinntekt blir skattlagd ved direkte trekk i lønn (lønnstrekkordninga) og skal derfor ikkje førast i skattemeldinga di. Du finn meir informasjon på Skattlegging av lønn for arbeid på Svalbard

Det er dermed to skatteordningar på Svalbard:

  • skattlegging ved lønnstrekk av lønn og pensjon
  • skattlegging av formue og anna inntekt enn lønn

Dersom du har alminneleg skatteplikt til Svalbard som busett, eller du er avgrensa skattepliktig for lønn og fast eigedom og/eller næringsverksemd, kan det vere at du kjem inn under begge skatteordningane.