Kor stort beløp må vi flytte frå skattemeldinga til ektefellen min for at eg skal få maksimalt skattefrådrag?

Her finn de ei skildring og døme på korleis ektepar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar kan fordele kapitalinntekter og kapitalkostnader i skattemeldingane sine, og korleis dette kan gi dei lågare samla skatt.

Det førebelse skatteoppgjeret som ligg ved skattemeldinga, er rekna ut på grunnlag av dei førehandsutfylte tala i skattemeldingane.

Vi føreslår at de tar utgangspunkt i skilnaden mellom det maksimale skattefrådraget ditt og det skattefrådraget som er brukt i den førebelse skatteutrekninga. Skatteprosenten på kapitalinntekt er 22 prosent. Deler du differansen på 22 og gongar med 100, får du den kapitalinntekta som gir skatt tilsvarande differansen. Vi rår dykk til å bruke skattekalkulatoren. Der kan de prøve dykk fram til de finn ei fordeling av kapitalinntektene som gjer at de får utnytta det maksimale skattefrådraget, om mogleg.

Har de ikkje nok kapitalinntekt til at den av dykk som har lågast inntekt, får utnytta det maksimale skattefrådraget sitt fullt ut, treng de ikkje berekne noko. Då er det berre å flytte dei kapitalinntektene som kan fordelast fritt til den med lågast pensjon.

Dersom de vil at den av dykk med lågast pensjon skal sleppe å betale skatt, må de finne ut kva beløp de må overføre for at summen av skatt og trygdeavgift hos den med lågast pensjon ikkje går over grensa for restskatt som vi ikkje krev inn. Grensa er 99 kroner (medrekna renter).

Sjå døme på korleis ekteparet Kari og Per fordeler renteinntekter i skattemeldingane sine, og korleis dette gjer at dei får ein lågare samla skatt. 

I døma under har vi brukt skattesatsane for 2025.

Døme som viser at ektefellar kan utnytte ein større del av skattefrådraget ved å flytte kapitalinntekter, men ikkje heile

Kari og Per har tatt ut alderspensjon frå folketrygda med ein pensjonsgrad på 100 prosent heile året, og dei har kapitalinntekt.

  Kari  Per
Pensjon 170 000 kroner 310 000 kroner
Renteinntekt 5 000 kroner 15 000 kroner
Sum  175 000 kroner 325 000 kroner
Berekna skatt 8 670 kroner 49 001 kroner
- Skattefrådrag 8 670 kroner 30 389 kroner
= Skatt 0 kroner 18 612 kroner

 

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å rekne ut skatt og skattefrådrag.

 

Utrekning av kor stor kapitalinntekt Kari manglar for å kunne utnytte det maksimale skattefrådraget sitt:

Maksimalt skattefrådrag 36 000 kroner
Utnytta skattefrådrag 8 670 kroner
Differansen 27 330 kroner


27 330 kroner i skatt av alminneleg inntekt svarer til ei kapitalinntekt på 27 330 kroner / 22 x 100 = 124 227 kroner. I dette dømet har dei 15 000 kroner i kapitalinntekt å flytte frå Per si skattemelding til Kari si skattemelding, så då er det enkelt. Heile beløpet blir flytt.

Dersom ektefellane flytter alle renteinntektene til Kari si skattemelding, blir skatten:

  Kari  Per
Pensjon 170 000 kroner 310 000 kroner
Renteinntekt 20 000 kroner 0 kroner
Sum  190 000 kroner 310 000 kroner
Berekna skatt 11 629 kroner 45 701 kroner
- Skattefrådrag 11 629 kroner 30 389  kroner
= Skatt 0 kroner 15 312 kroner

 

Ektefellane har ikkje så høge kapitalinntekter at Kari får utnytta det maksimale skattefrådraget sitt fullt ut. Ho får framleis 0 kroner i skatt etter skattefrådraget. Per får likevel redusert skatten sin med 3 300 kroner (18 312 kroner – 15 312 kroner). Di lågare den lågaste pensjonen er, di større del av kapitalinntektene lønner det seg å flytte til den ektefellen med lågast inntekt.

Døme som viser at ektefellar kan utnytte ein større del av skattefrådraget ved å flytte kapitalinntekter og kapitalkostnader, men ikkje heile

Kari har tatt ut full alderspensjon frå folketrygda heile året og har kapitalkostnader. Per har tatt ut full alderspensjon frå folketrygda heile året og har kapitalinntekter.

Tema Kari  Per
Pensjon 170 000 kroner 310 000 kroner
Renteinntekt 0 kroner 10 000 kroner
Renter på lån 5 000 kroner 0 kroner
Sum  145 000 kroner 320 000 kroner
Berekna skatt 8 670 kroner 47 901 kroner
- Skattefrådrag 8 670 kroner 30 389 kroner
= Skatt 0 kroner 17 512 kroner



Utrekning av kor stor kapitalinntekt Kari manglar for å kunne utnytte det maksimale skattefrådraget sitt:

Maksimalt skattefrådrag 36 000 kroner
Utnytta skattefrådrag 8 670 kroner
Differansen 27 330 kroner

 

27 330 kroner i skatt av alminneleg inntekt svarer til ei kapitalinntekt på 27 330 kroner / 22 x 100 = 124 227 kroner.

Dersom dei flytter renteinntekta på 10 000 kroner frå Per til Kari og reknar ut skatten på nytt, blir resultatet at ho får fortsatt utnytta 8 670 kroner av det maksimale skattefrådraget sitt på 36 000 kroner. Per får midlertid redusert skatten sin med 2 200 kroner.

Dersom ektefellane flytter rentekostnadene på 5 000 kroner til Per si skattemelding og renteinntektene på 10 000 kroner til Kari si skattemelding blir skatten: 

Tema Kari  Per
Pensjon 170 000 kroner 310 000 kroner
Renteinntekt 10 000 kroner 0 kroner
Renter på lån 0 kroner 5 000 kroner
Sum  180 000 kroner 305 000 kroner
Berekna skatt 9 429 kroner 44 601 kroner
- Skattefrådrag 9 429 kroner 30 389 kroner
= Skatt 0 kroner 14 212 kroner

 

Kari får utnytta 9 429 kroner av det maksimale skattefrådraget sitt, medan Per får redusert skatten sin med 3 300 kroner. Har de slike kapitalinntekter eller kapitalkostnader, også om dei ikkje er førehandsutfylte i skattemeldinga, kan de fritt velje kven si skattemelding de vil føre desse i.

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å rekne ut skatt og skattefrådrag.

Meir om korleis ein kan fordele inntekter, kostnader og formue mellom ektefellar, registrerte partnarar og meldepliktige sambuarar