Individuell sparing til pensjon

Ordninga om skattefavorisert individuell sparing til pensjon vart innført frå 1. november 2017. Ordninga erstattar den tidlegare ordninga om individuell pensjonssparing (gammal IPS), som vart stengd for nyteikningar 1. november 2017.

Den gamle IPS-ordninga vart stengd for nyteikningar av kontraktar då den nye ordninga tredde i kraft, men gamle IPS-avtalar teikna før 1. november 2017 kan førast vidare med den same skattemessige behandlinga som før.

Uttak frå den nye ordninga skal skattleggjast som kapitalinntekt. Dette inneber at uttak frå ordninga ikkje vil bli skattlagt som personinntekt, med trinnskatt til staten og trygdeavgift, men berre som alminneleg inntekt. Ut over dette skal den nye ordninga skattleggjast like eins som den gamle IPS-ordninga. Beløpet du har ståande i ordninga vil såleis vere unntatt frå formuesskatt, og avkastninga blir ikkje skattlagd undervegs.

Dersom du betaler inn både til den gamle IPS-ordninga og til den nye ordninga i det same inntektsåret, blir frådraga samordna etter dei to ordningane, slik at det samla frådraget ikkje går over 15 000 kroner. 

Detaljane i ordninga om skattefavorisert individuell sparing til pensjon er fastsette i forskrift. 

Avtaletypar

Ordninga gjeld berre pensjonsspareavtalar, men du kan leggje forsikringar til spareavtalen. Spareavtalen kan omfatte forsikringar som gir deg rett til innskottsfritak dersom du blir ufør. Avtalen kan også omfatte forsikringar for finansiell risiko knytt til verdiutviklinga på alderspensjonskapitalen. Pensjonsavtalen skal gi kunden rett til alderspensjon.

Kven kan tilby ordninga

Bankar, livsforsikringsselskap, pensjonsføretak (pensjonskasser og innskottspensjonsføretak), verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond kan tilby avtalar om individuell sparing til pensjon. Dei sender opplysningar om innbetalingane dine til Skatteetaten.

Forvaltningsval

Vilkåra for forvaltninga av pensjonskapitalen skal stå i avtalen. Det skal stå i avtalen om det er institusjonen eller kunden som vel kva for nokon eigedelar som skal vere med i porteføljen, og om kunden har rett til å endre korleis porteføljen er samansett og vilkåra for ei slik endring. Pensjonskapitalen knytt til avtalen om individuell sparing til pensjon kan berre betalast ut som pensjon. Det betyr at midlane er bundne fram til du byrjar å ta ut pensjon.

Innbetaling

Den samla årlege innbetalinga kan ikkje vere høgare enn 15 000 kroner per person. Beløpet inkluderer innbetaling av innskott, vederlag for ei eventuell forsikring knytt til avtalen, vederlag for administrasjonen av pensjonsavtalen og vederlag for forvaltninga av årets innskott. For å få frådraget må innbetalingane vere gjennomførte før inntektsåret er omme.

Uttak

Du kan tidlegast ta ut alderspensjon frå du har fylt 62 år. Pensjonen skal utbetalast i eit fast antal år, minst til du har fylt 80 år, men ikkje kortare enn 10 år. Har du rett til uføreytingar frå folketrygda, kan du krevje at utbetalinga av pensjonen byrjar med det same.

Alderspensjonskapitalen fell ikkje bort om du døyr. Han kan brukast til barnepensjon eller attlevandepensjon til ektefelle, registrert partnar eller sambuar etter reglane i innskotspensjonslova. Pensjonskapital som ikkje blir brukt til barnepensjon eller attlevandepensjon, blir utbetalt som eit eingongsbeløp til dødsbuet. Utbetalingar av pensjonskapitalen, anten som alderspensjon, barnepensjon, attlevandepensjon eller eingongsbeløp til dødsbuet, blir skattlagt som kapitalinntekt (alminneleg inntekt).

Les meir om reglane i Skatt-ABC i emnet Pensjon – individuell sparing til pensjon.