Nyttig informasjon om skattefrådrag for ektefellar og meldepliktige sambuarar

Skattefrådraget for pensjonsinntekta blir rekna ut av den brutto pensjonsinntekta di. Frådraget blir gitt i den inntektsskatten og trygdeavgifta som blir rekna ut for kvar enkelt pensjonist.

Har du ei årleg pensjonsinntekt lågare enn 276 400 kroner i 2025 og ingen andre inntekter, vil summen av inntektsskatten og trygdeavgifta bli lågare enn det maksimale skattefrådraget. Eit ubrukt skattefrådrag kan ikkje overførast og trekkjast frå hos den andre. Men dersom de har kapitalinntekter, til dømes renteinntekter, lønner det seg å føre delar av kapitalinntektene i skattemeldinga på den av dykk som har den lågaste pensjonen.

Som ektefellar eller meldepliktige sambuarar kan de i utgangspunktet fritt fordele kapitalinntekter og kapitalutgifter mellom dykk i skattemeldinga. Dei vanlegaste kapitalinntektene og kapitalutgiftene som de kan fordele mellom dykk er

  • renteinntekter og renteutgifter
  • aksjeutbytte
  • gevinstar eller tap ved sal

Kven er meldepliktige sambuarar?

I den skatterettslege tydinga, er meldepliktige sambuarar

  • tidlegare ektefellar eller registrerte partnarar som har vorte sambuarar, der minst ein av dei har rett til pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)
  • sambuarar som har eller har hatt felles barn, der minst ein av sambuarane mottek pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP)

Dersom begge sambuarane fekk innvilga pensjon frå folketrygda som einslege før 1. januar 1994, og dei vart sambuarar før den datoen, blir dei likevel ikkje rekna som meldepliktige sambuarar.

Korrigering av skattemeldinga

Når skattemeldinga blir førehandsutfylt, greier vi ikkje å rekne ut den mest gunstige fordelinga av kapitalinntekter og frådrag. Dersom ei anna fordeling enn den førehandsutfylte er gunstigare, må de sjølve endre fordelinga i skattemeldingane dykkar. De kan sjølve gjere ei førebels utrekning av kva skatten blir etter skattefrådrag. 

Dersom de flyttar kapitalinntekter frå den som har den høgaste pensjonen eller lønna til den med den lågaste pensjonen, får den med den lågaste pensjonsinntekta utnytta det maksimale skattefrådraget. Såleis kan den samla skatten dykkar bli lågare.

Døma under bruker skattesatsane for 2025.

Døme på overføring av renteinntekter mellom ektefellar:

Tove og Per Nilsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalinntekter. Dei tar begge ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader.

Postar Tove Per
Alderspensjon 190 000 kroner 350 000 kroner
Renteinntekter   15 000 kroner   23 000 kroner

 

Berekna skatt 

14 816  kroner

63 201 kroner

- skattefrådrag

14 816 kroner

23 709  kroner

= Skatt

        0 kroner

39 492  kroner

 

Dersom dei flyttar Per sine renteinntekter til Tove, blir skatten slik:

Postar Tove Per
Alderspensjon 190 000 kroner 350 000 kroner
Renteinntekter    38 000 kroner           0 kroner

 

Berekna skatt

19 876 kroner

58 141 kroner

- maksimalt skattefrådrag

19 876 kroner

23 709 kroner

= Skatt

        0 kroner

34 432 kroner

 

Tove får framleis 0 kroner i skatt etter skattefrådraget, medan Per får 5 060 kroner mindre i skatt.

I praksis blir renteinntektene reduserte med 23 000 kroner i Per si skattemelding og auka med det same beløpet i Tove si skattemelding.

Overføring av kapitalutgifter mellom ektefellar

Ved å flytta kapitalutgifter mellom dykk kan den med lågast pensjon utnytte skattefrådraget sitt betre, og dermed kan den samla skatten dykkar bli lågare. Det kan til dømes lønne seg å overføre rentefrådraga i skattemeldinga til den andre ektefellen.

Døme på overføring av rentefrådrag mellom ektefellar:
Anne og Jon Olsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter. Dei tar begge ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader. 

Postar Anne Jon
Alderspensjon  190 000 kroner 350 000 kroner
Rentefrådrag    8 800 kroner   13 200 kroner

 

Berekna skatt

9 690 kroner

55 237 kroner

- skattefrådrag

9 690 kroner

23 709 kroner

= Skatt

      0 kroner

31 528 kroner


Dersom dei flyttar Anne sitt rentefrådrag over til Jon, blir skatten slik:

Postar Anne Jon
Alderspensjon  190 000 kroner 350 000 kroner
- rentefrådrag           0 kroner   22 000 kroner

 

Berekna skatt

11 516 kroner

53 301 kroner

- skattefrådrag

11 516 kroner

23 709 kroner

= Skatt

        0 kroner

29 592 kroner

  

Anne og Jon sparer samla 1 936 kroner.

I praksis blir rentefrådraget i Anne si skattemelding redusert med 8 800 kroner, og auka med det same beløpet i Jon si skattemelding.

Døme på overføring av kapitalutgifter når berre ein av ektefellane får alderspensjon:

Ole Jonsen har følgjande årleg pensjonsinntekt og kapitalutgifter, og Petra har følgjande lønnsinntekt. Ole tar ut 100 prosent alderspensjon i 12 månader.

Postar Petra Ole
Lønn  350 000 kroner  
Alderspensjon    190 000 kroner
Rentefrådrag      2 200 kroner   19 800 kroner

 

Berekna skatt 

53 510 kroner

9 690 kroner

- skattefrådrag

        0 kroner

9 690 kroner

= Skatt

53 510 kroner

       0 kroner

 

Dersom dei flyttar rentefrådraget på 19 800 kroner frå Ole til Petra får dei:

Postar Petra Ole
Lønn  350 000 kroner  
Alderspensjon    190 000 kroner
Rentefrådrag    22 000 kroner           0 kroner

 

Berekna skatt

49 154 kroner

11 516 kroner

- skattefrådrag

        0 kroner

11 516 kroner

= Skatt

49 154 kroner

         0 kroner

 

Petra og Ole sparer samla 4 356 kroner.

I praksis blir rentefrådraget redusert med 20 000 kroner i Ole si skattemelding, og auka med det same beløpet i Petra si skattemelding.

Forholdet mellom skattefrådrag for pensjonsinntekt og udekt underskott

Har du eller ektefellen din eit udekt underskott, så kan det føre til at skattefrådraget for pensjonsinntekt ikkje kan utnyttast fullt ut hos den mottakande ektefellen.

Les meir i Skatt-ABC 2024, "Skattefradrag for pensjonsinntekt punkt S-13".

Bruk gjerne skattekalkulatoren vår for å berekne skatten og skattefrådraga dine.