Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt
Kven kan få skatteavgrensing?
Mottakarar av desse behovsprøvde ytingane frå folketrygda kan få skatteavgrensing:
- attlevande ektefelle som mottar attlevandepensjon eller overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 17A, med verknad før 1. januar 2024
- tidlegare familiepleiar som hadde rett til attlevandepensjon eller overgangsstønad etter folketrygdelova kapittel 17A, med verknad før 1. januar 2024
- mottakarar av overgangsstønad etter folketrygdlova § 16-7 (tidlegare familiepleiar ) eller § 17-6 (attlevande ektefelle), og som ikkje er omfatta av overgangsreglane i folketrygdlova kapittel 17A
Får ikkje skatteavgrensing
- attlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar som mottar omstillingsstønad etter folketrygdlova kapittel 17
- mottakarar av uføretrygd frå folketrygda
- mottakarar av uføreytingar frå andre ordningar
- einsleg mor eller far som mottar overgangsstønad
- mottakarar av alderspensjon og avtalefesta pensjon (AFP) i offentleg sektor
- personar som etter fylte 67 år mottar supplerande stønad etter lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg
Berekning av inntekta
Berekningsgrunnlaget for skatteavgrensing tar utgangspunkt i alminneleg inntekt (nettoinntekt). Eit eventuelt tillegg i alminneleg inntekt ved utdeling frå ansvarleg selskap skal trekkjast frå i skattemeldinga di. Deretter legg ein eventuelt til
- særfrådrag
- skjermingsfrådrag i aksjeutbytte og/eller aksjegevinstar
Det skal leggjast til eit sjablongmessig inntektstillegg på 1,5 prosent av eventuell nettoformue som overstig 200 000 kroner for einslege / 100 000 kroner for kvar ektefelle. Ved berekning av inntektstillegget inngår ikkje formuesverdi av primærbustad (det vil seie eigen bustad du er fast busett i ved utgangen av inntektsåret) i nettoformuen. Med primærbustad meiner ein her også våningshus på gardsbruk med naturleg arrondert tomt.
Skatteavgrensing ved låg alminneleg inntekt blir gitt automatisk ved skatteberekninga.
Kva skattar blir avgrensa
Skatteavgrensinga omfattar
- skatt av alminneleg inntekt
- dei to lågaste nivåa av trinnskatt
- trygdeavgifter
Skatteavgrensinga omfattar ikkje
- dei tre høgaste nivåa av trinnskatt
- formuesskatt