Kan eg få pendlarfrådrag?

Sjølv om du pendlar mellom heimen din og ein pendlarbustad, er det ikkje sikkert du har krav på pendlarfrådrag. Få oversikt over kva krav som gjeld.

Gjeld det meg?

Du kan ha rett på frådrag for ekstra kostnader du har hatt til overnatting, mat og reiser om du har ein jobb som gjer at du må overnatte borte frå heimen din over lengre periodar.

Med ekstra kostnader meiner vi utgifter du har fordi jobben krev at du må bu borte frå heimen din. Det kan til dømes vere utgifter til leige av pendlarbustad, reiser eller utgifter til mat når du ikkje har tilgang på kjøkken.

I tillegg til krav som gjeld arbeidssituasjonen din, er det også ulike krav basert på mellom anna

  • familiesituasjonen din.
  • kvar du pendlar frå.
  • kva type bustad du har.
  • kor mange reiser du har mellom pendlarbustaden og heimen din.
  • om du tidlegare har fått pendlarfrådrag.
  • at du kan dokumentere kostnadene.

Du kan ikkje få frådrag for kostnader som er dekt av arbeidsgivar.

Det er viktig at du legg inn rett informasjon i skattemeldinga. Om du fyller inn pendlarfrådrag og får det utan at du oppfyller krava, kan det hende du må betale tilbake det du har spart i skatt seinare. Då kan det også hende du må betale tilleggsskatt og renter.

Sjekk om du har rett til pendlarfrådrag

Pendlarfrådraget gjeld berre for deg som jobbar. Du kan ikkje få frådrag om du til dømes studerer eller har verneplikt.

Sjølv om nokon du jobbar med har fått pendlarfrådrag, er det ikkje sikkert du kan få det.

Du må oppfylle tre hovudkrav for å ha rett til pendlarfrådrag:

  1. Du må overnatte borte frå heimen din.
  2. Det må vere nødvendig å overnatte borte på grunn av jobben din.
  3. Du må ha ekstra kostnader på grunn av at du overnattar borte.

Krav til heimen din

For å ha krav på frådrag må du overnatte borte frå det som er heimen din etter skattereglane. Dette kallar vi den skattemessige heimen din.

Dersom den skattemessige heimen ditt til dømes er den bustaden du ser på som pendlarbustaden din, har du ikkje krav på frådrag.

Sånn finn du ut av kva som er den skattemessige heimen ditt:

Om du bur saman med ektefelle eller eigne barn under 22 år

Når du er gift og/eller har eigne barn under 22 år, er den skattemessige heimen din der du og familien din bur.
  • Om du har barn og den andre forelderen bur ein annan stad enn deg, er det berre den av dykk som bur mest med barnet i løpet av året, som har felles heim med barnet.
  • Bur barnet like mykje hos kvar, er det den som er folkeregistrert på same stad som barnet, som har felles heim med barnet.
  • Det er også eit krav at du har minst tre heimreiser med overnatting i løpet av året.
Viss både du og ektefellen din pendlar mellom felles bustader, er den skattemessige heimen deira den bustaden som er høgast rangert av
  1. felles bustad med eigne barn under 22 år.
  2. den bustaden som er sjølvstendig.
  3. den bustaden der de begge har flest overnattingar i løpet av året.

Om du er ugift og ikkje bor saman med barn under 22 år

Når du ikkje har felles bustad med ektefelle eller eigne barn under 22 år, reknar vi den skattemessige heimen ditt som den bustaden som er høgast rangert i oversikta under. Dette gjeld også for deg som er sambuar.

Om du er 22 år eller eldre: 
  1. sjølvstendig bustad
  2. foreldreheimen
  3. usjølvstendig bustad

For å få frådrag, må du også normalt ha reist heim minst kvar tredje veke.

Om du er 21 år eller yngre:
  1. foreldreheimen
  2. sjølvstendig bustad
  3. usjølvstendig bustad

For å få frådrag må du også normalt ha reist heim minst kvar sjette veke.

Viss begge bustadene er sjølvstendige eller begge bustadene er usjølvstendige, vil heimen din vere i den bustaden der du har hatt flest overnattingar i løpet av året.

Foreldreheimen er ein bustad der du bur saman med ein eller begge foreldra dine.

Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som

  • har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der.
  • har innlagt vatn og avløp.
  • du har tilgang til alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader.
  • ikkje er ein foreldreheim, altså der du eller de bur saman med foreldra dykkar, med mindre de eig eller leiger ei sjølvstendig bueining i bustaden.

Ein usjølvstendig bustad er ein bustad som ikkje oppfyller alle krava for å vere ein sjølvstendig bustad.

Om du bur saman med ektefelle eller eigne barn under 22 år i heimlandet

Når familien din blir buande i heimlandet

Har du felles bustad med ektefelle eller eigne barn under 22 år i heimlandet, og familien din framleis bur i bustaden i heimlandet, må
  • de eige eller leige ein bustad i heimlandet.

  • alle vere bustadregistrerte på denne adressa hos offentleg styresmakt/folkeregister i heimlandet.

Det er ikkje krav om heimreiser så lenge familien din framleis bur i den felles bustaden de har i heimlandet.

Når familien din blir med deg til Noreg

Har du felles bustad med ektefelle eller eigne barn under 22 år i heimlandet, og familien din er med deg til Noreg, må
  • de eige eller leige ein bustad i heimlandet
  • alle vere bustadregistrerte på denne adressa hos offentleg styresmakt/folkeregister i heimlandet
  • ha ein sjølvstendig bustad i heimlandet

Viss pendlarbustaden din i Noreg ikkje er ein sjølvstendig bustad, treng heller ikkje bustaden din i heimlandet å vere ein sjølvstendig bustad.

Du må normalt ha minst fire heimreiser til bustaden i heimlandet i løpet av året. Er heimen din i Sverige, Danmark eller Finland, er det normalt krav om minst åtte heimreiser.

Om du ikkje bur saman med ektefelle eller barn under 22 år

Har du ikkje felles bustad med ektefelle eller eigne barn under 22 år i heimlandet, må du:
  • eige eller leige ein bustad i heimlandet.
  • vere bustadregistrert på denne adressa hos offentleg styresmakt / folkeregister i heimlandet.
  • ha ein sjølvstendig bustad i heimlandet.

Viss pendlarbustaden din i Noreg ikkje er ein sjølvstendig bustad, treng heller ikkje bustaden din i heimlandet å vere ein sjølvstendig bustad.

Du må normalt ha minst fire heimreiser til bustaden i heimlandet i løpet av året. Er heimen din i Sverige, Danmark eller Finland, er det normalt krav om minst åtte heimreiser.

Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som

  • har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der.
  • har innlagt vatn og avløp.
  • du har tilgang til alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader.
  • ikkje er ein foreldreheim, altså der du eller de bur saman med foreldra dykkar, med mindre de eig eller leiger ei sjølvstendig bueining i bustaden.

Ein usjølvstendig bustad er ein bustad som ikkje oppfyller alle krava for å vere ein sjølvstendig bustad.

Om du bur saman med ektefellen din eller eigne barn under 22 år

Har du felles bustad med ektefellen din eller eigne barn under 22 år i heimlandet, og familien din framleis bur i bustaden i heimlandet, må de
  • eige eller leige ein bustad i heimlandet

  • alle vere bustadregistrerte på denne adressa hos offentlege styresmakter eller folkeregisteret i heimlandet

Du må normalt ha minst tre heimreiser til bustaden i heimlandet i løpet av året.

Når familien din er med deg til  Noreg

Når familien din bur saman med deg i Noreg, vil du normalt ikkje vere pendlar. Då kan du ikkje krevje frådrag for kostnader til reiser, losji eller kost.

Viss både du og ektefellen din pendlar mellom ein felles bustad i heimlandet og ein bustad i Noreg, kan du likevel ha rett på frådrag. Heimen din vil i desse tilfella vere i den bustaden som er høgast rangert i denne oversikta:

  • Den bustaden som du også har felles med eigne barn under 22 år.
  • Den bustaden som er sjølvstendig.
  • Den bustaden der du og ektefellen din til saman har flest overnattingar i løpet av året.

Er bustaden i Noreg høgast rangert, vil heimen din vere i Noreg. Då kan du ikkje krevje frådrag for kostnader til reiser, losji eller kost. Er bustaden i heimlandet høgast rangert, kan du ha rett på frådrag for kostnader til reiser, losji og kost.

Om du er ugift og ikkje bur saman med eigne barn under 22 år

Har du ikkje felles bustad med ein ektefelle eller eigne barn under 22 år i heimlandet, må du

  • eige eller leige ein bustad i heimlandet
  • vere bustadregistrert på denne adressa hos offentlege styresmakter eller folkeregisteret i heimlandet
  • ha besøkt bustaden i heimlandet i gjennomsnitt kvar tredje veke om du er 22 år eller eldre
  • ha besøkt bustaden i heimlandet i gjennomsnitt kvar sjette veke om du er 21 år eller yngre

I tillegg må bustaden i heimlandet vere den verkelege heimen din. Den verkelege heimen din er i den bustaden som er høgast rangert i denne oversikta:

Om du er 22 år eller eldre: 
  • sjølvstendig bustad 
  • foreldreheimen 
  • usjølvstendig bustad
Om du er 21 år eller yngre:
  • foreldreheimen
  • sjølvstendig bustad
  • usjølvstendig bustad

Viss begge bustadene er sjølvstendige eller begge bustadene er usjølvstendige, vil den verkelege heimen din vere i den bustaden der du har hatt flest overnattingar i løpet av året.

Viss den verkelege heimen din er i Noreg etter rangeringa over, har du ikkje krav på frådrag for reisekostnader, losji eller kost.

Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som

  • har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der.
  • har innlagt vatn og avløp.
  • du har tilgang til alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader.
  • ikkje er ein foreldreheim, altså der du eller de bur saman med foreldra dykkar, med mindre de eig eller leiger ei sjølvstendig bueining i bustaden.

Ein usjølvstendig bustad er ein bustad som ikkje oppfyller alle krava for å vere ein sjølvstendig bustad.

Om du bur saman med ektefellen din eller eigne barn under 22 år

Når familien blir buande i Noreg, har du krav på pendlarfrådrag. Det er ingen krav om heimreiser så lenge familien din framleis bur i den felles bustaden i Noreg.
Når familien din er med deg til utlandet, må du ha ein sjølvstendig bustad i Noreg for å ha rett på frådrag. Viss pendlarbustaden din i utlandet ikkje er ein sjølvstendig bustad, treng heller ikkje bustaden din i Noreg å vere ein sjølvstendig bustad.
  • Jobbar du i Sverige, Danmark eller Finland, må du normalt ha reist heim minst åtte gonger i løpet av året.
  • Jobbar du i eit anna land i Europa, må du normalt ha reist heim minst fire gonger i løpet av året.
  • Jobbar du i eit land utanfor Europa, må du normalt ha reist heim minst to gonger i løpet av året.

Om du er ugift og ikkje bur saman med eigne barn under 22 år

Når du ikkje har felles bustad med ein ektefelle eller eigne barn under 22 år i Noreg, må du ha ein sjølvstendig bustad i Noreg.
Viss pendlarbustaden din i utlandet ikkje er ein sjølvstendig bustad, treng heller ikkje bustaden din i Noreg å vere ein sjølvstendig bustad.

Dette gjeld også for deg som er sambuar.

  • Jobbar du i Sverige, Danmark eller Finland, må du normalt ha reist heim minst åtte gonger i løpet av året.
  • Jobbar du i eit anna land i Europa, må du normalt ha reist heim minst fire gonger i løpet av året.
  • Jobbar du i eit land utanfor Europa, må du normalt ha reist heim minst to gonger i løpet av året.

Ein sjølvstendig bustad er ein bustad som

  • har minst 30 kvadratmeter buareal, i tillegg til minst 20 kvadratmeter ekstra per person over 15 år som også bur der.
  • har innlagt vatn og avløp.
  • du har tilgang til alle dagar i veka i ein periode på minst 12 månader.
  • ikkje er ein foreldreheim, altså der du eller de bur saman med foreldra dykkar, med mindre de eig eller leiger ei sjølvstendig bueining i bustaden.

Ein usjølvstendig bustad er ein bustad som ikkje oppfyller alle krava for å vere ein sjølvstendig bustad.

Du har ikkje krav på frådrag om du har leigd ut heile bustaden din på heimstaden

Det gjeld anten heimen din er i Noreg eller eit anna land.

For at vi skal godkjenne at du berre leiger ut delar av bustaden, 

  • må du framleis kunne bruke bustaden som heimen din.
  • må du ha tilgang til bustaden alle dagar i veka, og det må vere praktisk mogleg for deg å bu i bustaden samtidig med leigetakaren.
  • må det vere nok soveplassar til alle.

Du kan ha rett på frådrag i opp til 2 år

Du kan berre få frådrag for kostnader til mat og bustad, altså det vi kallar kost og losji, i 2 år. Om du allereie har fått frådrag i 2 år (24 månader), kan du i utgangspunktet ikkje få meir frådrag for dette. Denne regelen gjeld frå det tidspunktet du byrjar å få frådrag.

Det er nokre unntak:

  • Om du bur på brakke.
  • Om du byter kommune for både pendlarbustaden og arbeidsstaden.
  • Om du har eit lengre opphald i pendlinga, til dømes om du er sesongarbeidar og berre jobbar delar av året.

Denne regelen gjeld ikkje for pendlarreiser, berre for pendlarbustad og mat.

Du må kunne dokumentere kostnadene du har hatt

Om du legg inn frådrag i skattemeldinga, må du kunne dokumentere at du oppfyller krava til å få frådrag, og du må kunne dokumentere sjølve kostnadene med kvitteringar, betalte fakturaer og liknande.

Du treng ikkje å sende oss dokumentasjonen, men du må kunne leggje fram dokumentasjon om vi spør.

Når du pendlar mellom to bustader i Noreg eller frå Noreg til utlandet:

  • Leigekontrakt eller kjøpekontrakt for bustaden på heimstaden din.
  • Leigekontrakt eller kjøpekontrakt for pendlarbustaden.
  • Dokumentasjon på storleiken på begge bustadene (buareal).
  • Informasjon om kor mange du bur saman med i begge bustadene.
  • Ei oversikt som viser datoane for alle reisene dine mellom heimen og pendlarbustaden.
  • Flybillettar, togbillettar eller andre kvitteringar for reisene dine.
  • Kvitteringar eller faktura og passeringslogg frå bom- eller ferjeselskapet, om du legg inn frådrag for kostnader til bom eller ferje i skattemeldinga.
  • Kvitteringar eller faktura for kostnadene du legg inn frådrag for i skattemeldinga, til dømes husleige og straum. Viss kostnadene er på meir enn 10 000 kroner, må dei vere betalte via bank eller trekte frå lønna av arbeidsgivaren din.

Når du pendlar frå utlandet til Noreg:

  • Bustadstadfesting frå offentlege styresmakter i heimlandet som viser adressa di og alle som bur på adressa.
  • Vigselsattest eller fødselsattest om du i heimlandet bur saman med ektefelle eller barn.
  • Leigekontrakt eller kjøpekontrakt for bustaden i heimlandet.
  • Leigekontrakt eller kjøpekontrakt for pendlarbustaden i Noreg.
  • Dokumentasjon på storleiken på begge bustadene (buareal).
  • Informasjon om kor mange du bur saman med i begge bustadene.
  • Ei oversikt som viser datoane for alle reisene dine mellom heimen og pendlarbustaden.
  • Flybillettar, togbillettar eller andre kvitteringar for reisene dine.
  • Kvitteringar eller faktura og passeringslogg frå bom- eller ferjeselskapet, om du legg inn frådrag for kostnader til bom eller ferje i skattemeldinga.
  • Kvitteringar eller faktura for kostnadene du legg inn frådrag for i skattemeldinga, til dømes husleige og straum. Viss kostnadene er på meir enn 10 000 kroner, må dei vere betalte via bank eller trekte frå lønna av arbeidsgivaren din.

Dette kan du få frådrag for

Om du oppfyller krava for pendlarfrådrag, kan du få frådrag for kostnader til

  • overnatting (losji). Dette kan til dømes vere husleige, straum og internett i pendlarbustaden.
  • mat (kost). Frådraget for mat blir som regel gitt etter ein sats per overnattingsdøgn i pendlarbustaden. Satsen avheng av kva type pendlarbustad du har.
  • pendlarreiser (besøksreiser). Dette er reiser du har for å besøkje heimen din, altså reiser mellom pendlarbustaden din og heimen din.
  • arbeidsreiser. Dette er daglege reiser mellom pendlarbustaden og jobben din.

Berekne frådrag med pendlarreisekalkulatoren

Når du oppfyller krava for å få pendlarfrådrag, kan du bruke pendlarreisekalkulatoren for å berekne kor mykje du kan føre i skattemeldinga.

Om du bur i heimen til foreldra dine, og ikkje bur saman med ektefelle eller eigne barn, kan du ikkje få frådrag for bustad (losji).

Dette må du gjere i skattemeldinga

Viss du har krav på pendlarfrådrag, må du føre det i skattemeldinga. Det er viktig at du fyller ut så rett du kan. Om du fører for mykje og får frådrag du ikkje skulle hatt, kan det hende at du seinare må betale tilbake det du har spart i skatt, pluss renter og tilleggsskatt.

  • Skal du føre inn frådrag for mat og bustad (kost og losji) når du kvalifiserer til pendlarfrådrag, fyller du dette inn under Meirkostnader ved arbeidsopphald med overnatting.
  • Skal du føre frådrag for pendlarreiser (reiser mellom heimen din og pendlarbustaden), fyller du det inn under Arbeids- og pendlarreiser.

Viss pendlarbustaden din er meir enn 2,5 kilometer frå arbeidsstaden din kan du også krevje frådrag for arbeidsreiser – daglege reiser mellom pendlarbustaden din og den faste arbeidsstaden din. 

Det fyller du inn under Arbeids- og pendlarreiser.

Du kan anten søkje det opp eller leggje det til under temaet Arbeid, trygd og pensjon.

Er du usikker? Ta kontakt med oss

Når du ikkje overnattar, men har lang reiseveg

Viss du har lang reiseveg til jobb, men bur heime, har du ikkje krav på pendlarfrådrag.

Det kan likevel vere at du har krav på frådrag for daglege reiser til og frå jobb utan overnatting.

Relevant regelverk

Viktig informasjon

Du kan lese meir om reglane i Skatt-ABC.

Du finn informasjon om pendlarreglane i desse kapitla:

  • B-20: Bosted – skattemessig bosted
  • M-1 Merkostnader - arbeidsopphold med overnatting utenfor Norge
  • M-2: Merkostnader – besøksreiser til hjemmet
  • M-3: Merkostnader – kost og losji ved overnatting utenfor hjemmet
  • M-5: Merkostnader – pendler med hjem i utlandet

Reglane i lov og forskrift finn du på Lovdata.

Du kan også få rettleiing om krava ved å ta kontakt med Skatteetaten.