Valutalån
Viss du har eit valutalån i ein bank og har hatt valutagevinst eller tap i perioden, skal banken rapportere dette til Skatteetaten.
Viss beløpet er feil må du korrigera og føra korrekt beløp i skattemeldinga.
Dersom du ikkje har fått førehandsutfylt kursgevinst eller tap på ditt valutalån, kan du sjølv fylle inn gevinst/tap i skattemeldinga di.
Kontakt banken din for å få ei korrekt utrekning av valutagevinst eller tap.
Ver merksam på at det BERRE er kursgevinst eller tap knytt til sjølve valutalånet som kan førast i desse postane (det skal IKKJE førast kursgevinst eller tap i samband med sikringskontraktar/valutatermin-kontraktar).
Rekneeksempel
Vanleg lån:
Lån i USD 100.000 år 1 | vekslingskurs på opptrekkstidspunktet | = 7,5 |
Nedbetaling USD 20.000 i år 1 (1 avdrag) |
vekslingskurs på nedbetalingstidspunktet | = 8,- |
Valutatap USD 20.000 * (7,5 – 8) | = NOK 10.000 |
År 2:
Nedbetaling USD 20.000 på kurs | 8,- |
Nedbetaling USD 30.000 på kurs | 8,5 |
Valutatap USD 20.000 (7,5 – 8) | = NOK 10.000 |
Valutatap USD 30.000 (7,5 – 8,5) | = NOK 30.000 |
Totalt | = NOK 40.000 |
År 3:
Kunden ønskjer å auke USD lånet med USD 120.000 slik at restlån er USD 150.000
Auken blir gjort på kurs | 9,- |
Inga nedbetaling | |
Valutagevinst/tap er | = NOK 0,- |
Med FIFU-prinsippet (Først-Inn-Først-Ut-prinsippet)
År 4:
Nedbetaling USD 50.000 på kurs 8,5 (her benyttes FIFU regelverket)
Valutatap USD 30.000 (7,5 – 8,5) | = NOK 30.000 |
Valutagevinst USD 20.000 (9 – 8,5) | = NOK 10.000 |
Samla valutatap | = NOK 20.000 |
Nedbetaling av valutalån med valuta:
Lån i USD 100.000 år 1 | midtkurs på opptrekkstidspunktet | = 7,5 |
Nedbetaling USD 20.000 i år 1 (1 avdrag) | midtkurs på nedbetalingstidspunktet | = 8,- |
Valutatap USD 20.000 * (7,5 – 8) | = NOK 10.000 |
Vi får det same resultatet om ein vekslar eller nedbetalar med same valuta som lånet er i.
Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne legge fram dokumentasjon viss vi spør.