Forklaring av ord og omgrep om formuesverdi
Her får du ei forklaring på kva dei mest brukte orda og omgrepa betyr når vi skildrar formuesverdi på primær- og sekundærbustad.
-
Bustadverdi
Den berekna marknadsverdien til skatteetaten av bustadeigedom, som blir fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris berekna av Statistisk sentralbyrå (SSB) multiplisert med arealet på bustaden (P-rom). -
Berekna marknadsverdi for bustad
Berekna marknadsverdi vil utgjere anten ein verdi basert på statistikk frå SSB (bustadverdi) eller ein verdi basert på dokumentert marknadsverdi (i dei tilfella der eigaren av eigedommen har kravd formuesverdien sett ned). -
Formuesverdi
Formuesverdi er ein gitt prosentdel av berekna marknadsverdi. Formuesverdien er den verdien som blir lagd til grunn for berekninga av formuesskatt. -
Primærrom (p-rom)
Primærrom er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes - vindfang, entre, trapperom
- stove, kjellarstove, peisestove, TV-stove, loftstove
- kjøken
- bad, dusjrom, toalettrom, vaskerom
- soverom
- arbeidsrom (heimekontor, pc-rom, medierom, bibliotek)
- allrom, omkledingsrom, garderobe og leikerom
- trimrom (må ha fastmontert utstyr, til dømes ribbevegger)
- innreidde hobbyrom (vevstove og liknande)
- innreidd gang mellom p-rom
- trapp mellom p-rom og gang inklusive trapp mellom rom som er nemnde over
- innglasa balkong som blir brukt som ein del av opphaldsrommet på bustaden
Sjå korleis du måler opp eit p-rom
-
Sekundærrom (s-rom)
Sekundærrom er det resterande arealet som ikkje inngår i primærrommet på bustaden (p-rom), til dømes- garasje
- fyrrom, søppelrom, teknisk rom
- matkjellar, potetkjellar, uinnreidd kjellarrom
- buer, oppbevaringsrom, lagerrom, kott
- uinnreidd loft
- gang mellom s-rom
- trapp mellom s-rom
-
Buareal (bua)
Buareal er arealet i hovuddelen på bustaden, det vil seie dei same romma som ovanfor er nemnde som p-rom. Har du ikkje opplysningar om p-rom, kan du oppgi bua. Andre delar av bustaden kan også reknast som bua avhengig av materialbruken i romma, typisk buer med tapet og parkett. Ofte utgjer p-rom og bua tilnærma same areal. -
Bustadtype
-
Einebustad
Einebustad er eit bustadbygg berekna for eit hushald, til dømes frittståande hus og villaer. -
Småhus
Småhus er bustader som er fysisk bunde saman ved at det er minst èin felles vegg, eventuelt felles golv/tak med nabobustaden. Dette vil typisk vere rekkjehus og tomannsbustader. Einebustader i rekkje/kjede blir også rekna som småhus. -
Leilegheit
Leilegheit er ei bueining i ein bygning med minst to etasjar, tre bueiningar og felles inngang. Dette vil typisk vere blokkleilegheiter og terrasseleilegheiter
-
-
Byggjeår
Byggjeår er det året bustaden vart ferdigstilt. Rehabilitering, oppussing og påbygging endrar ikkje byggjeåret. -
Formuesskatt
Formuesskatt er skatt som blir berekna av nettoformuen din.