Forklaring av ord og omgrep om formuesverdi

Her får du ei forklaring på kva dei mest brukte orda og omgrepa betyr når vi skildrar formuesverdi på primær- og sekundærbustad. 

Bustadverdi

Den berekna marknadsverdien til Skatteetaten av bustadeigedom, som blir fastsett med utgangspunkt i ein kvadratmeterpris berekna av Statistisk sentralbyrå (SSB) multiplisert med arealet på bustaden (P-rom).

Berekna marknadsverdi for bustad

Berekna marknadsverdi vil utgjere anten ein verdi basert på statistikk frå SSB (bustadverdi) eller ein verdi basert på dokumentert marknadsverdi (i dei tilfella der eigaren av eigedommen har kravd formuesverdien sett ned).

Formuesverdi 

Formuesverdi er ein gitt prosentdel av berekna marknadsverdi. Formuesverdien er den verdien som blir lagd til grunn for berekninga av formuesskatt.

Primærrom (p-rom) 

Primærrom er alt som kan definerast som opphaldsrom i bustaden, til dømes 

  • vindfang, entre, trapperom
  • stove, kjellarstove, peisestove, TV-stove, loftstove
  • kjøken
  • bad, dusjrom, toalettrom, vaskerom
  • soverom 
  • arbeidsrom (heimekontor, pc-rom, medierom, bibliotek)
  • allrom, omkledingsrom, garderobe og leikerom
  • trimrom
  • hobbyrom
  • gang mellom p-rom
  • trapp mellom p-rom og gang inklusive trapp mellom rom som er nemnde over
  • innglasa balkong som blir brukt som ein del av opphaldsrommet på bustaden

Sekundærrom (s-rom) 

Sekundærrom er det resterande arealet som ikkje inngår i primærrommet på bustaden (p-rom), til dømes  

  • garasje
  • fyrrom, søppelrom, teknisk rom
  • matkjellar, potetkjellar, uinnreidd kjellarrom
  • buer, oppbevaringsrom, lagerrom, kott
  • uinnreidd loft
  • gang mellom s-rom
  • trapp mellom s-rom

Buareal (bua)

Buareal er arealet i hovuddelen på bustaden, det vil seie dei same romma som ovanfor er nemnde som p-rom.  Har du ikkje opplysningar om p-rom, kan du oppgi bua. Andre delar av bustaden kan også reknast som bua avhengig av materialbruken i romma, typisk buer med tapet og parkett. Ofte utgjer p-rom og bua tilnærma same areal.

Bustadtype

  • Einebustad: Einebustad er eit bustadbygg berekna for eit hushald, til dømes frittståande hus og villaer
  • Småhus: Småhus er bustader som er fysisk bundne saman ved at det er minst èin felles vegg, eventuelt felles golv/tak med nabobustaden. Dette vil typisk vere rekkjehus og tomannsbustader. Einebustader i rekkje/kjede blir også rekna som småhus.
  • Leilegheit: Leiligheit er ei bueining i ein bygning med minst to etasjar, tre bueiningar og felles inngang. Dette vil typisk vere blokkleilegheiter og terrasseleilegheiter.

Byggjeår 

Byggjeår er det året bustaden vart ferdigstilt. Rehabilitering, oppussing og påbygging endrar ikkje byggjeåret.

Formuesskatt 

Formuesskatt er skatt som blir berekna av nettoformuen din.