Formuesverdi av gardsbruk

Om du eig eit gardsbruk ved utgangen av inntektsåret, skal gardsbruket ha ein formuesverdi i skattemeldinga di. 

Her får du informasjon om kva du må gjere om noko manglar eller skal endrast.

Formuesverdien av gardsbruk

Formuesverdien av gardsbruk er normalt førehandsutfylt i skattemeldinga. Tidlegare fastsett formuesverdi kan vidareførast.

Viss Stortinget vedtar ei årleg justering av formuesverdien, vil dette vere førehandsutfylt i skattemeldinga. Det er ikkje vedtatt slik justering for inntektsåret 2024.

Dersom det er bygd nytt eller har vore påkostnader på gardsbruket, skal du auke formuesverdien. Les om når du får auka formuesverdi.

Gardsbruket skal ha ein samla formuesverdi for alle bygningar, rettar, jord og grunn som høyrer til eigedomen.

Skog skal ha ein eigen formuesverdi. Skog som berre er tilstrekkeleg til å dekkje behovet til garden for brensel, gjerdemateriale og mindre reparasjonar skal verdsetjast saman med gardsbruket. 

Gjeld det meg?

Dette gjeld for deg som eig gardsbruk.

Førstegongsformuesverdsetjing

Gardsbruket skal ha ein samla formuesverdi. Formuesverdien blir berekna med ulik sats ut frå kostpris eller marknadsverdi på våningshuset og resten av delen av eigedomen. Formuesverdien av våningshuset og formuesverdien av resten av delen av eigedomen skal slåast saman til ein samla formuesverdi for heile gardsbruket.

Satsar ved førstegongsverdsetjing i inntektsåret 2024:

  • formuesverdien av våningshuset til 30 prosent av kostpris eller marknadsverdi
  • formuesverdi for resten av eigedomen, som jord, skog til eige bruk, kårhus, bygningar med meir, til 80 prosent av kostpris eller marknadsverdi

Gardsbruk har krav på verdsetjingsrabatt som driftsmiddel. For inntektsåret 2024 er rabatten 30 prosent. Verdsetjingsrabatten blir automatisk berekna i skattemeldinga.

Du har eit gardsbruk der marknadsverdien av våningshuset er 3 000 000 kroner, og marknadsverdien av annan del av garden er 10 000 000 kroner.

  • Formuesverdien av våningshuset er 900 000 kroner
    (3 000 000 * 30/100 = 900 000).
  • Formuesverdien for resten av eigedomen er 8 000 000 kroner
    (10 000 000 x 80/100= 8 000 000).
  • Til saman blir formuesverdien 8 900 000 kroner.
  • Gardsbruket blir rekna som driftsmiddel og det blir verdsetjingsrabatt gitt på 30 prosent.

Formuesverdien som blir berekna i skattemeldinga er:
6 230 000 kroner (8 900 000 - 30/100 = 6 230 000).

Dette må du gjere

Sjekk at gardsbruket du eig er oppført i skattemeldinga og at eigedommen har rett formuesverdi.

Sjekke at gardsbruket du eig er ført opp i skattekortet.

  • Viss gardsbruket manglar eller har feil formuesverdi, kan du logge inn i skattekortet og rette dette.
  • Du kan fjerne eigedomen frå skattekortet om du ikkje eig eigedomen.

Endringa du gjer i skattekortet gjeld berre på årets skattekort, og blir ikkje førehandsutfylt på skattemeldinga.  

Spesielt når

Tinglysing sikrar rettsvern for deg som eigar. Det betyr at andre ikkje kan ta pant i, eller selje eigedommen din utan heimel i lov. Du er ikkje pliktig til å tinglyse eigedomen.

Om du tinglyser eigarskiftet hos Kartverket vil Skatteetaten automatisk få informasjon om tinglyste eigarforhold, og vi kan førehandsutfylle eigedomen i skattemeldinga til rett eigar.

Ikkje tinglyse eigarskiftet?

Om du ikkje tinglyser eigarskiftet, må du sende inn dokumentasjon på eigarforholdet.

Dokumentasjonen må innehalde informasjon om:
  • kva eigedom det gjeld
  • frå kva dato eigarforholdet gjeld
  • beløp som eventuelt er betalt for eigedomen 
  • dato og underskrift av alle partar 

Du kan sende inn dokumentasjonen så snart salet eller overdraginga er gjennomført. Eller du kan logge inn i skattemeldinga, endre eigarforholdet og leggje til dokumentasjonen.

Viss gardsbruket har stige i verdi som følgje av til dømes nybygg, vesentlege påkostnader eller kjøp av eigedom, skal formuesverdien på gardsbruket aukast.

Du må logge inn i skattemeldinga og leggje til verdien av påkostinga.

Døme: Om du har eit gardsbruk og påkostar driftsbygninga med 1 000 000 kroner, skal tidlegare fastsett formuesverdi aukast med 80 prosent av påkostinga, det vil seie 800 000 kroner (1 000 000 * 80/100 = 800 000).
 
Det blir i tillegg gitt ein verdsetjingsrabatt for driftsmiddel med 30 prosent slik at total formuesverdi som blir vist i skattemeldinga er auka med 560 000 kroner (800 000 * 30/100 = 560 000).

Du kan setje ned formuesverdien på våningshuset viss formuesverdien overstig 30 prosent av den dokumenterte marknadsverdien på huset. Ved bruk av takst må heile eigedomen takserast samla før verdien blir fordelt på våningshus og annan del av eigedomen. Ein isolert takst av bustaden vil ikkje vere avgjerande.

Du kan setje ned formuesverdien for resten av eigedomen viss formuesverdien overstig 80 prosent av kostprisen på eigedomen eller 80 prosent av marknadsverdien til eigedomen. Ved bruk av takst må heile eigedomen takserast samla før verdien blir fordelt på våningshus og resten av eigedomen. Formuesverdien for resten av eigedomen blir ikkje påverka av ei eventuell nedsetjing av formuesverdien for våningshuset.

Du kan setje ned formuesverdien på jordbrukseigedomen etter ei individuell vurdering, viss formuesverdien ligg vesentleg over nivået på samanliknbare eigedomar elles i kommunen.

For å setje ned verdien på gardsbruket må du logge inn i skattemeldinga og leggje inn korrekt verdi. Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på dette, men du må kunne leggje fram dokumentasjon viss vi spør.

Viss ein del av gardsbruket blir brukt til annan inntektsgivande aktivitet må det vurderast konkret om denne delen av eigedommen er ein del av gardsbruket, eller skal ha ein eigen formuesverdi.

Døme
Du har eit bygg på gardsbruket ditt som ikkje blir brukt til jordbruksføremål. Bygget blir brukt til sal av landbruksmaskiner. Bygget skal ha ein eigen formuesverdi i skattemeldinga. Du må då leggje til bygget som ein næringseigedom i skattemeldinga og leggje til nødvendig informasjon. Formuesverdien blir automatisk berekna.  

Formuesverdi av næringseigedom.

Naturførekomstar som til dømes grus, blir verdsett under eitt med gardsbruket. Dersom naturførekomsten blir driven som eiga verksemd skal han ha eigen formuesverdi. Dette gjeld uavhengig av om det er du eller andre som driv verksemda.

Naturførekomst som blir driven som eiga verksemd

I skattemeldinga må du oppgi ein eigen formuesverdi på denne delen av eigedommen. Du må leggje til ein eigedom på same gards- og bruksnummer. Du set eigedomstype "Annan fast eigedom" og legg inn marknadsverdien. Formuesverdien blir automatisk berekna.

Ved opparbeiding av tomter må det vurderast konkret om tomtene skal reknast som ein del av gardsbruket. Så lenge arbeidet med å etablere tomtene er på eit tidleg stadium blir tomtene verdsette som ein del av gardsbruket. Etter kvart som til dømes infrastrukturen til tomtene blir opparbeidd, må tomtene ha eigne formuesverdiar.

Viss tomta ikkje lenger skal reknast som ein del av gardsbruket må du leggje til tomta i skattemeldinga og oppgi marknadsverdien på tomta. Formuesverdien blir automatisk berekna. 

 

Som grunneigar skal du ikkje formuesskattleggjast for tomteverdien, men for den kapitaliserte verdien av retten til å få årleg festeavgift. 

Du må logge inn i skattemeldinga og leggje inn verdien av den kapitaliserte festeavgifta.

Ein tilleggseigedom er ein eigedom som høyrer saman med ein annan eigedom. Han skal ikkje ha ein eigen formuesverdi. Eigedommane ligg normalt ved sida av kvarandre og har felles eigedomsgrense. Tilleggseigedommen skal ha ein tenande funksjon til den andre eigedommen, og eigedommane blir normalt seld samla.

I skattemeldinga må du registrere eigedommen som ein tilleggseigedom, og du må velje kva eigedom han høyrer til.

Du eig ein bustad og ein garasje. Bustaden og garasjen har ulike gards- og bruksnummer. Viss garasjen har ein tenande funksjon til bustaden kan garasjen registrerast som ein tilleggseigedom til bustaden.

Tenande funksjon

Ein tenande funksjon betyr at ein eigedom høyrer saman med ein annan eigedom og dekkjer eit behov som hovudeigedommen ikkje dekkjer sjølv.

Eigarforholda og eigardelane må vere like på begge eigedommane.