Berekne formuesverdien av ein bustad- eller fritidseigedom under oppføring
Kva reglar som gjeld for formuesverdsetjinga av ein bustad- eller fritidseigedom under oppføring, kjem an på kor langt oppføringa har komme.
Eigedom som ikkje er påbyrja
For eigedom som ikkje er påbyrja, er det reglane for formuesverdsetjing av tomt som skal følgjast.
Eigedom som er påbyrja, men ikkje ferdig bygd
For eigedom som er påbyrja, men ikkje ferdig bygd, skal formuesverdien setjast til ein forholdsmessig andel av den pårekna formuesverdien for den ferdige bustaden/fritidsbustaden:
- Formuesverdien til ein bustadeigedom for primærbustad skal setjast til 25 prosent av den berekna eller dokumenterte marknadsverdien. Prosentdelen skal likevel vere 70 prosent for den delen av den berekna eller dokumenterte marknadsverdien som overstig 10 millionar kroner. Formuesverdien for sekundærbustader skal setjast til 100 prosent av den berekna eller dokumenterte marknadsverdien.
- Formuesverdien til ein fritidseigedom skal setjast til 30 prosent av anten kostprisen til eigedommen inkludert grunnen, eller til 30 prosent av marknadsverdien på eigedommen.
Eigedom som er ferdig
Det året ein bustadeigedom står ferdig, skal formuesverdien setjast etter dei ordinære reglane for formuesfastsetjing av bustadeigedom, anten som primærbustad eller sekundærbustad.
Det året ein fritidseigedom står ferdig, skal formuesverdien setjast til 30 prosent av kostprisen til eigedommen inkludert grunnen, eller til 30 prosent av marknadsverdien på eigedommen.