Viktig informasjon

Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.

Salg av overskuddsstrøm fra eiendom

Hvis du selger overskuddsstrøm fra solcelleanlegget ditt, eller annen fornybar energi, som er koblet til bolig, fritidseiendom eller andre eiendommer, må du oppgi dette i skattemeldingen din.

Her får du vite hva du må gjøre.

Gjeld for deg som

  • Sel straum frå eigen bustad eller fritidseigedom, som du eig og bruker sjølv. Gjeld også når du har brukt eigedomen sjølv berre i delar av året.

  • Sel straum frå andre eigedomar. Med andre eigedomar meiner ein eigedom som du anten:
    • eig, men ikkje sjølv har brukt som eigen bustad eller fritidseigedom. Til dømes eigedommar som du berre leiger ut, eller bruker som pendlarbustad.
    • leiger, anten du bur der sjølv eller ikkje.

  • Sel straum i næringsverksemd. Viss anlegget er i bruk i ei næringsverksemd.

Inntekt av overskottsstraum

Eigen bustad eller fritidseigedom, som du eig og bruker sjølv heile eller berre delar av året:

  • Inntekta er skattefri opp til 15 000 kroner per år per bustad.
  • Viss inntekta er over 15 000 kroner per år per bustad, skal 85 prosent av inntekta reknast som skattepliktig inntekt. Inntekta blir skattlagd normalt som kapitalinntekt med 22 prosent.

  • Du kan ikkje trekkje frå kostnader knytte til drift eller investering i solcelleanlegget.

Andre eigedommar:

  • Du må sjølv berekne overskott eller underskott i skattemeldinga. Overskottet blir skattlagt normalt som kapitalinntekt med 22 prosent.

I næringsverksemd:

  • Du må føre inntekter og kostnader i næringsspesifikasjonen. Overskottet blir skattlagt som næringsinntekt med ein skattesats opp mot 50,6 prosent.

Dette må du gjøre

Om du har skattepliktig overskott, må du oppgi det i skattekortet ditt slik at du betaler rett skatt.

Du kan endre skattekortet så mange gonger du ønskjer. Start derfor med å oppgi det overskottet du tenkjer er rett, og oppdater eventuelt skattekortet undervegs i året.

Logg inn i skattekortet og legg inn det du trur vil bli overskottet.

Kraftleverandørar skal rapportere opplysningar om inntekta til private straumkundar ved sal av straum frå anlegg for produksjon av fornybar energi i bustadar og fritidseigedommar. Inntekta ved sal av straum blir derfor i dei fleste tilfella førehandsutfylt i skattemeldinga.

Bruttoinntekta er den totale summen du tener på å selje straum til straumselskapet i løpet av året, inkludert kompensasjon for negativt energiledd.

Viss tala er førehandsutfylte i skattemeldinga og dei stemmer, er det ikkje nødvendig å gjere noko.

Viss tala i skattemeldinga ikkje stemmer, må du logge inn og endre dette sjølv i skattemeldinga.

Slik gjer du det når du er logga inn i skattemeldinga:

  • Frå eigen bustad og fritidseigedom du bruker sjølv - Gå til “Bustad og eigedom” og legg inn tala.
  • Frå andre eigedommar - Gå til “Andre kapitalinntekter utanom lønstakarforhold og næringsverksemd” og legg inn tala.
  • Frå næringsverksemd - Inntekter og kostnader blir oppgitte i næringsspesifikasjonen i skattemeldinga.

Spesielt for

Har du inngått en avtale med en kraftleverandør om sparing av strømproduksjon i virtuell batteriløsning (solbank eller lignende), må inntekten fastsettes på det tidspunktet vederlaget fra kraftleverandøren blir bestemt.

Eksempel:
Hvis du har solgt 1 000 kWh egenprodusert strøm til strømselskapet og dette verdsettes til 1 krone/kWh på salgstidspunktet, så har du tjent 1000 kroner på salgstidspunktet selv om det går flere måneder før du bruker dette beløpet til å betale for annen strøm fra strømselskapet.