Særfrådrag for einslege forsørgjarar

Einslege forsørgjarar gis eit særfrådrag i alminneleg inntekt når dei bur åleine og har omsorg for barn under 18 år.

Viktig informasjon

Særfrådrag for einsleg forsørgjar blir avvikla frå og med 1. mars 2023.

Utvida barnetrygd frå NAV blir auka.

Kven har krav på særfrådrag?

Særfrådrag gjeld deg som forsørgjer eitt eller fleire barn under 18 år, og som er ugift, skilt, separert, enke/enkemann eller ikkje lever fast med sambuar. Du har rett til særfrådrag dersom NAV reknar deg for å vere ein reell einsleg forsørgjar, og dersom du har teke imot utvida barnetrygd. Barnetrygd blir gitt for barn under 18 år. Du får altså ikkje særfrådrag om du berre forsørgjer ungdom som har fylt 18 år.

Dersom du har vore sambuar i over 12 månader, får barn med sambuar eller giftar deg, tek retten din til utvida barnetrygd slutt.

Du finn meir informasjon om kven som har krav på utvida barnetrygd, på nav.no

Så mykje frådrag har du krav på

Særfrådraget for 2023 er 4 373 kroner per månad. Fullt frådrag utgjer 8 746 kroner per år. Du får frådrag for like mange månader som du har vore einsleg forsørgjar i og teke imot utvida barnetrygd for, i inntektsåret.

Dersom du har avtalt delt bustad for barnet/barna med den andre forelderen og derfor får delt utvida barnetrygd frå NAV, får du særfrådrag med halv månadssats.

Ein intern avtale mellom foreldre om å dele særfrådraget i tilfelle der utvida barnetrygd blir utbetalt berre til den eine, fører ikkje til at vi deler særfrådraget når vi reknar ut skatten. Ein føresetnad for å få særfrådrag med halv sats er at utvida barnetrygd er delt ved utbetalinga frå NAV.

Skattemeldinga for inntektsåret 2023

Skatteetaten reknar ut eit samla særfrådrag på bakgrunn av opplysningar frå NAV om utbetalt utvida barnetrygd. Frådraget blir gitt automatisk når skattemeldinga di blir behandla. Beløpet blir førehandsutfylt, og du finn det i skattemeldinga di. Du skal ikkje endre eit førehandsutfylt beløp sjølv.

Viss du meiner det utrekna særfrådraget ikkje er rett fordi opplysningane om antal månader med heil eller delt utvida barnetrygd er feil eller for lågt, må du kontakte NAV for korrigering.

Skatteetaten kan ikkje fastsetje særfrådraget på nytt utan at NAV har gitt nye opplysningar om antal månader med heil eller delt utvida barnetrygd.

Har du fått etterbetalt utvida barnetrygd, vil NAV rapportere dette til Skatteetaten og vi vil automatisk utføre ei ny skatteberekning for dei akuelle inntektsåra.

Kombinert delt og full utvida barnetrygd

Dersom du får både full og delt utvida barnetrygd for eitt eller fleire born, registrerer NAV berre delt særfrådrag, sjølv om du får full utvida barnetrygd og har rett på fullt frådrag. Du må kvart år ta kontakt med NAV og få dokumentasjon på at du får full utvida barnetrygd og har rett på fullt særfrådrag.

Denne dokumentasjonen må du sende som vedlegg til skattemeldinga, så lenge du får barnetrygd.