Skattefrådrag ved investeringssvindel

Dersom du har blitt lurt til å investere i noko du trudde kom til å gi deg inntekt som du ville ha betalt skatt på, kan du ha rett på tapsfrådrag for investeringa.

Gjeld det meg?

Å ha rett til frådrag betyr at du kan trekkje visse utgifter frå inntekta di før du betaler skatt. Då blir beløpet vi bereknar skatten ut frå mindre, og du betaler mindre skatt.

Frådragsrett for investeringssvindel gjeld for deg som

  • har investert i noko som skulle gi skattepliktig inntekt
  • har blitt lurt til å investere i noko som viste seg å vere fiktivt eller verdilaust
  • har avklart at det ikkje er mogleg å få tilbakebetalt noko av investeringa

Du må ha investert i god tru. Det betyr at du har hatt ei forventning om at investeringa skulle gi deg ei inntekt som du ville ha betalt skatt på.

Det er berre frådragsrett for investeringssvindel.

  • Kjærleikssvindel– når du til dømes har blitt lurt til å betale utgifter for ein fiktiv kjærast.
  • Muldyrssvindel– viss du har vore mellommann i ein handel du trudde var reell, men som viste seg å vere fiktiv.
  • Direktørsvindel – viss du til dømes har blitt lurt til å overføre pengar i eit selskap for ein falsk direktør.
  • BankID-svindel– viss du har blitt lurt til å gi frå deg tilgangen til din BankID.
  • Nettfiskesvindel og smishing– viss du har blitt lurt til å gi frå deg tilgang til verdiar ved å klikke på lenkjer i e-post eller sms.

Les meir hos Politiet: Beskytt deg mot svindel og ID-tyveri

Dette må du gjere

Du må gjere det du kan for å minimere skaden.

  • Ta kontakt med banken din. Prøv å stoppe transaksjonane. Sperr bank-ID, kort og kontoar som kan vere utsette.
  • Kontakt politiet for å melde og tipse om svindelen.
  • Samle all informasjon og dokumentasjon du greier om svindelen.

  • Undersøk om du kan du få noko av investeringa tilbake frå banken din, kredittkortselskapet eller andre.
  • Finn ut om du kan få tapet dekt gjennom forsikring.

  • Du må ha vore i god tru, altså trudd at det du gjorde var rett.
  • Du må ha forventa at investeringa ville gitt inntekter du skulle skatte av.
  • Du må ha prøvd aktivt å få tilbake heile eller delar av investeringa.

Du må vise oss at tapet ditt kjem av svindel.

Du må kunne dokumentere alle summar du ber om frådrag for. Du må kunne vise oss

  • ei detaljert skildring av korleis svindelen vart utført
  • dokument som viser korleis du kunne fått inntekt du måtte ha skatta for. Dette kan til dømes vere utrekningar som viser samanhengen mellom summen du investerte og den moglege inntekta investeringa kunne ha gitt
  • dokument som viser at du har forsøkt å få tilbake det du har tapt. Det kan til dømes vere ei bortlagd politisak, dokument frå forsikringsselskapet eller frå banken din.

Andre nyttige dokument kan vere

  • tidslinje
  • samtaleloggar
  • e-postar
  • avtalar og kontraktar
  • politimeldingar
  • lenkje til eller skjermdump frå nettsider
  • medieomtale om svindelen

Når du skal levere skattemeldinga, fører du investeringa opp på Tap ved svindel under temaet Finans.

Her svarer du på spørsmål om svindelen, fyller ut det tapte beløpet og legg ved dokumentasjon.

Dette kan du få frådrag for

Du kan ha rett på skattefrådrag for

  • investeringsbeløpet, altså det beløpet du har betalt til svindlaren
  • eventuelle kostnader, til dømes i ei rettsak

Du får ikkje frådrag for tapt avkastning, opptent tilbakehalde utbytte eller tapt verdiauke.

Du må trekkje frå eventuelle beløp som du har fått tilbake eller kan få tilbake seinare.

Investeringsbeløp + kostnader – tilbakebetalt beløp = tapsfrådrag

Du får ein e-post om ein god investeringssjanse, du svarer og blir ringt opp av ein profesjonell svindlar som overtyder deg om å investere 10 000 kroner. Du begynner med å investere 1 000 kroner for å sjå om det gir god avkastning.

Du overfører 1 000 kroner til ein utanlandsk konto og betalar banken 10 kroner i gebyr.

Etter ein kort periode viser svindlaren deg at du har tent 500 kroner, og overfører dei til kontoen din. Du investerer då dei resterande 9 000 kronene og overfører dei til ein utanlandsk konto. Du betaler 90 kroner i gebyr til banken din.

Etter ei stund viser svindlaren deg at du har tent 6 000 kroner, slik at du har 16 000 kroner. Svindlaren ber deg investere meir. Du vil avslutte investeringa, og må betale svindlaren 2 000 kroner for å få ut pengane dine. Du betaler 2 000 kroner til ein utanlandsk konto og 20 kroner i gebyr til banken din, men ingenting skjer. Etter dette er det ikkje mogleg å få tak i verken svindlaren eller pengane dine.

Dette kan du få frådrag for:
Investering: 1 000 kroner + 9 000 kroner = 10 000 kroner

Bankkostnader: 10 kroner + 90 kroner + 20 kroner = 120 kroner

Kostnader til svindlaren: 2 000 kroner

Dette får du ikkje frådrag for:
Beløp du har fått utbetalt av svindlaren: 500 kroner

Frådrag du kan føre for tapet ditt:
10 000 kroner + 120 + 2 000 -  500 = 11 620 kroner