Spelegevinstar

Når du vinn i pengespel, lotteri og liknande, kan det hende at du skal oppgi gevinsten i skattemeldinga di. Dette gjeld viss gevinsten er skattepliktig, eller viss du har vunne meir enn 100 000 kroner til saman i skattefrie pengespel, lotteri og liknande.

 

Gjeld det meg?

Du skal føre gevinsten i skattemeldinga viss du har

  • vunne enkeltgevinstar på meir enn 10 000 kroner frå skattepliktige pengespel
  • vunne meir enn 100 000 kroner til saman i skattefrie pengespel, lotteri og liknande

Spelegevinst på meir enn 10 000 kroner er i utgangspunktet skattepliktig når gevinsten kjem frå

  • kommersiell oddstipping/sportsbetting
  • kommersielle utanlandske spel og lotteri, til dømes nettkasino

Spelegevinstar er alltid skattepliktige dersom dei blir rekna som næringsinntekt. Gevinsten er næringsinntekt når vinninga ikkje er tilfeldig, men heng saman med erfaring, kunnskap og snarrådigskap, og aktiviteten går med overskott over ein viss periode. I slike tilfelle skal du føre inntekter og kostnader fra speleverksemda i næringsspesifikasjonen til skattemeldinga.

 

Gevinstar frå desse spela og trekningane er skattefrie:

  • spel som er underlagt pengespellova, inkludert
    • Norsk Tipping
    • pengespel på hest, medrekna Norsk Rikstoto, spel på travbaner og liknande
  • spel og lotteri i eit anna EØS-land der heile overskottet går til allmennyttige eller velgjerande føremål, og der tilsvarande spel lovleg kan bli tilbydde i Noreg
  • offentleg tilgjengelege konkurransar og tiltak som er arrangerte av massemedium, til dømes aviser, TV eller radio

Dette må du gjere

I skattemeldinga må du oppgi enkeltgevinstar på meir enn 10 000 kroner frå skattepliktige pengespel og gevinst over 100 000 kroner frå skattefrie pengespel, lotteri og liknande.

Du treng ikkje sende oss dokumentasjon på spelegevinsten din, men du må kunne leggje fram dokumentasjon dersom vi spør om det.

Dersom vi spør etter dokumentasjon, må du kunne dokumentere dei samla skattefrie lotterigevinstane dine på 100 000 kroner eller meir med ei stadfesting frå den som har utlevert gevinsten.

Rettskjelder

For meir utdjupande informasjon, sjå Skatte-ABC under emnet "Tilfeldige inntekter/gevinster".