Skjema RF-1452
RF-1452 Meld inn barnet sitt namn
Når Folkeregisteret har sendt deg ei melding om å velje namn til barnet ditt, kan du melde inn namn for barn du har foreldreansvar for. Du må melde inn namnet seinast innan barnet fyller seks månader.
Barnet skal ha førenamn og eitt enkelt etternamn eller dobbelt etternamn skilt med bindestrek. I tillegg kan barnet ha mellomnamn.
Merk at eit mellomnamn ikkje er eit førenamn. Namn som kan bli brukt som etternamn, kan også bli brukt som mellomnamn. Du finn informasjon om førenamn, mellomnamn og etternamn i avsnitta under.
Når den andre forelderen med foreldreansvar skal godkjenne namnevalet, gjer dei det ved å logge inn på "meld inn barnet sitt namn".
Behandlingstid
- Dersom namnemeldinga blir godkjent automatisk, blir barnet sitt namn registrert med det same.
- Saksbehandlinga tar lengre tid dersom namnemeldinga blir behandla manuelt. Du kan logge inn for å sjå status i saka di.
Du får ei stadfesting i innboksen din når namnet og fødselsnummeret på barnet er registrert. Sjå saksbehandlingstidene.
Når barnet er over seks månader
Dersom namnet på barnet ikkje er meldt til Folkeregisteret innan fristen, eller ikkje kan registrerast innan barnet fyller seks månader, blir barnet registrert utan førenamn og med mora sitt etternamn. For å melde førenamn og ei eventuell endring av etternamn, må foreldre som har foreldreansvar melde namnet på barnet i det tilsende skjemaet "Registrere namn på barnet". Skjemaet må sendast til adressa vår:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Dersom du ikkje har dette skjemaet, må du kontakte oss slik at vi kan sende deg eit nytt skjema.
Førenamn, mellomnamn og etternamn
Dersom barnet skal ha fleire førenamn, blir desse omtala som 1. 2. 3. førenamn. Alle skal skrivast i feltet for førenamn.
Eit mellomnamn er ikkje eit førenamn. Namn som kan bli brukt som etternamn, kan også bli brukt som mellomnamn.
Døme:
Ole Petter Hansen Olsen.
- Ole og Petter er 1. og 2. førenamn og skal skrivast i førenamnsfeltet.
- Hansen er mellomnamnet.
- Olsen er etternamnet.
Etternamn som fleire enn 200 personar i Noreg har, er eit fritt etternamn. Det kan brukast utan at nokon av foreldra til barnet har namnet. Du kan sjekke kor mange som har eit etternamn på Statistisk sentralbyrå sitt namnesøk.
Eit etternamn er beskytta dersom 200 eller færre personar i Noreg heiter det. Eit beskytta etternamn kan brukast dersom barnet har tilknyting til namnet ved til dømes slektskap. Dersom faren sitt namn er valt som mellom- eller etternamn, og namnet er beskytta, må farskapet vere registrert først.
Ein saksbehandlar tar kontakt dersom vi treng dokumentasjon.
Dersom barnet skal ha dobbelt etternamn, må namnet setjast saman med bindestrek.
Døme:
Petter Hansen-Olsen.
- Hansen-Olsen er etternamnet.
Dersom ein ikkje ønskjer bindestrek, må det eine namnet takast som mellomnamn.
Døme:
Petter Hansen Olsen.
- Hansen er mellomnamnet.
- Olsen er etternamnet.
Klage på eit vedtak
Stadfesting av registrering av namn for barnet er eit enkeltvedtak, som du kan klage på.
Rett klageinstans er statsforvaltaren i fylket du er busett i. Du må likevel sende klagen via Skatteetaten.