Registrere kontonummer for tilbakebetaling av skatt for dødsbu

Har du fått brev om at dødsbuet får betalt tilbake skatt for tidlegare år, må du registrere eit kontonummer og sende oss dokumentasjon.

Gjeld for

Deg som har fått eit brev frå oss om tilbakebetaling av skatt for dødsbuet.

Dette må du gjere

Før du sender inn skjema RF-1520 - Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt, må alle arvingane bli samde om kven som skal ha fullmakt for dødsbuet. Den som har fullmakt, må registrere eit kontonummer og leggje ved følgjande dokumentasjon: 

  • Kopi av skifteattesten. Om de ikkje har skifteattesten, kan de be tingretten om ein kopi.  
  • Fullmakt frå dei andre arvingane. De må lage nye fullmakter som er daterte etter at de fekk brevet. De kan ikkje bruke fullmakter som er laga tidlegare. Dei som skal gi fullmakt, kan bruke fullmaktsskjema ved privat skifte av dødsbu. 
  • Kopi av gyldig legitimasjon for dei som har gitt fullmakt. Legitimasjonen må vise både signatur, fødselsdato, namn og bilete. Dette kan til dømes vere pass, nasjonalt ID-KORT eller førarkort.  

Når dokumentasjonen er på plass, registrerer den som har fullmakt kontonummeret via skjema RF-1520 Nytt eller endra kontonummer for utbetaling av skatt. Skjemaet ligg på altinn.no. Vel «Konto til arving eller bustyrar når skattepliktig er død».  

Pengane blir utbetalte

Etter at me har fått dokumentasjon og kontonummer, bereknar me skatten på nytt. Me sender eit nytt skatteoppgjer og utbetaler pengane mellom mars og juni i 2026. De får også utbetalt renter.

Derfor endrar me skatten

Me endrar praksis for korleis me skattlegg utbytte og gevinst ved sal av aksjar for dødsbu på grunn av saker som har vorte behandla i Skatteklagenemnda. Då me berekna skatten for dødsbuet, brukte me ein oppjusteringsfaktor for å berekne skatt på aksjar, noko skatteklagenemnda har avgjort at me ikkje hadde heimel til. Endringa gjeld inntektsåra 2020 til 2023. Skatteetaten tar kontakt med alle det gjeld og sørgjer for at dei får betalt tilbake pengar dei har til gode.

Frå og med inntektsåret 2024 er skattereglane endra og me skal no bruke oppjusteringsfaktoren når me bereknar skatt på aksjar for eit dødsbu.