Melding om flytting til, frå eller internt på Svalbard

Dersom du planlegg å bu på Svalbard i meir enn 6 månader, må du melde flytting til Befolkningsregisteret for Svalbard. Du må også melde flytting når du skal flytte internt på Svalbard og når du flyttar frå Svalbard.

Last ned, skriv ut og full ut skjemaet. Send skjemaet til Svalbard skattekontor.

Send flyttemeldinga som vedlegg via skriv til oss.

Du kan òg melde flytting til Svalbard per post til:

Svalbard skattekontor
Postboks 413
9171 Longyearbyen

Viss du melder flytting til Svalbard per post, må du òg vedlegga kopi av legitimasjon.

Dersom du skal vere på Svalbard i mindre enn 6 månader skal du ikkje melde flytting .Da kan du registrere en postadresse på Svalbard. 

Flyttar du frå utlandet og ikkje har norsk fødselsnummer eller mellombels identifikasjonsnummer (d-nummer), må du bestille time hos Skatteetaten på Svalbard for å få eit d-nummer.

Har du spørsmål om flytting, kan du kontakte Skatteetaten på Svalbard.

Blir du skattepliktig til Svalbard?

Kontakt oss, eller les meir om Svalbard