Skjema RF-1450
Bestille d-nummer
Enkelte verksemder, som NAV og bankar, skal bestille d-nummer ved hjelp av dette skjemaet. Skjemaet blir også brukt for reaktivering av d-nummer.
Berre utvalde verksemder, som til dømes NAV og bankar, kan bestille d-nummer med dette skjemaet.
Du som privatperson, arbeidsgivar eller utdanningsinstitusjon kan ikkje bestille d-nummer sjølv. Du kan heller ikkje aktivere eit inaktivt d-nummer på nytt. Berre verksemder i denne oversikta kan bestille d-nummer.
Dei som kan bestille d-nummer fyljer ut skjemaet. Bestillingar sendt inn på andre måtar vil bli returnert.
Send bestillinga per post til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO