Søk om utsett leveringsfrist for skattemeldinga – person eller bedrift

Viss det blir vanskeleg å rekke fristen, kan du søkje om utsetjing. Du kan ikkje søkje etter at fristen har gått ut, så du må vere ute i god tid om dette gjeld deg.

Søknadsfristar

Elektroniske søknader blir automatisk innvilga.

Frist for person: 30. april

Denne fristen gjeld for

  • lønstakarar
  • pensjonistar

Frist for bedrift: 31. mai

Sidan 31. mai er på ein søndag i år (2026), er det ikkje for seint om du søkjer seinast 1. juni.

Denne fristen gjeld for

  • enkeltpersonføretak og selskap
  • eigarar av del i deltakarlikna selskap
  • utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)

Ektefellar har alltid same leveringsfrist

Viss ein av dykk utset leveringsfristen, gjeld utsetjinga for dykk begge.

Viss ektefellen din er næringsdrivande, har du også leveringsfrist 31. mai. Viss ektefellen din søkjer om utsetjing, blir leveringsfristen utsett til 30. juni for dykk begge.

Både personar og bedrifter kan få utsett frist

  • lønnstakarar og pensjonistar
  • enkeltpersonføretak og selskap
  • eigarar av andelar i deltakarlikna selskap
  • utanlandske næringsdrivande med fast forretningsstad i Noreg (filial)

Du kan søkje om utsetjing for éin månad. Vi gir ikkje lengre utsetjing enn det.

Dersom du er næringsdrivande og ikkje leverer eller søkjer om utsetjing innan fristen, kan du få tilleggsskatt eller tvangsmulkt.

Utsetjing kan gi seinare skatteoppgjer

Viss du søkjer om utsetjing, kan det hende du får skatteoppgjeret ditt seinare. 

Vi kan dessverre ikkje svare på akkurat når du får skatteoppgjeret ditt, men du får beskjed.