Skjema RF-1209

Søknad om skattekort for utanlandsk arbeidstakar

Dersom du er utanlandsk statsborgar og skal jobbe i Noreg, må du ha skattekort. Her kan du søkje om skattekort.

Viss du har elektronisk ID, loggar du inn for å levere RF-1209:

Søk om skattekort for utanlandsk arbeidstakar

Det finst to typar skattekort:

  1. Skattekort for kjeldeskatt på lønn
  2. Ordinært skattekort

Dei fleste utanlandske arbeidstakarar får eit skattekort for kjeldeskatt på lønn. Det er frivillig å vere med i ordninga for kjeldeskatt på lønn. Du kan velje deg ut av ordninga og heller betale ordinær skatt dersom det lønner seg for deg. Dersom du ønskjer å betale ordinær skatt, må du velje dette i skattekortsøknaden. Vel du ordinær skatt, kan du ikkje bli med i ordninga for kjeldeskatt på lønn igjen dette året. Du kan ta valet seinare, ved å endre skattekortet ditt seinare i inntektsåret.

 

Om du ikkje har elektronisk ID må du anten

Du må laste ned og fylle ut skjema RF-1209 - Skattekort for utanlandsk arbeidstakar.

Når du har norsk fødselsnummer eller d-nummer

kan du sende søknaden til:

Skatteetaten
Postboks 9200 - Grønland
0134 OSLO

Om du ikkje har norsk fødselsnummer eller d-nummer

Du kan be arbeidsgivar søkje om skattekort for deg. Arbeidsgivaren din kan ikkje velje deg ut av kjeldeskatt på løn ordningnen. Du kan sjølv velje deg ut seinare.

Skattekortet er klart

Skattekortet er normalt klart innan fem vyrkedagar. Etter at du har søkt om skattekort, vil du få ei melding med informasjon om kva skattekort du har. Arbeidsgivar hentar skattekortet ditt frå Skatteetaten elektronisk.