Skjema RF-1515

Utmelding av kjeldeskatt på lønn

Å bli skattlagd i ordninga for kjeldeskatt på lønn er frivillig, og du som er i ordninga, kan velje å bli skattlagd etter ordinære reglar i staden. Ved skattlegging etter ordinære reglar får du skattemelding og skatteoppgjer på vanleg måte i Min skatt.

Betale skatt etter ordinære reglar

Skattekalkulatoren hjelper deg å rekne ut kva skatten din vil bli dersom du melder deg ut av kjeldeskatteordninga.

Ønskjer du å melde deg ut av ordninga for kjeldeskatt på lønn?

Viktig informasjon

For inntektsåret 2021

Fristen for å velja seg ut for 2021 er 31. desember 2024.

Huk av for at du skal velja deg ut av ordninga for inntektsåret 2021.

Dersom du ikkje kan logga inn, last ned, fyll ut og lever skjema RF-1281- for utmelding av kjeldeskatt på lønn for 2021.

For inntektsåret 2022

Fristen for å velja seg ut for 2022 er 31. desember 2025.

Huk av for at du skal velja deg ut av ordninga for inntektsåret 2022.

Dersom du ikkje kan logga inn, last ned, fyll ut og lever skjema RF-1281- for utmelding av kjeldeskatt på lønn for 2022.

For inntektsåret 2023

Frå og med 15.12.2022 er det mogleg å velja seg ut av ordninga for kjeldeskatt på lønn for inntektsåret 2023.

Fristen for å velja seg ut for 2023 er 31. desember 2026.

Huk av for at du skal velja deg ut av ordninga for inntektsåret 2023

Dersom du ikkje kan logga deg inn, last ned og fyll ut skjema RF-1515 - Utmelding av kjeldeskatt på lønn for 2023

For inntektsåret 2024

Frå og med 15.12.2023 er det mogleg å velja seg ut av ordninga for kjeldeskatt på lønn for inntektsåret 2024.

Fristen for å velja seg ut for 2024 er 31. desember 2027.

Dersom du ikkje kan logga deg inn, last ned og fyll ut skjema RF-1209 - Skattekort for utanlandsk arbeidstakar. Under punkt 4 kan du kryssa av for å melda deg ut av ordninga.

Du kan ikkje ombestemme deg

Dersom du har valt å betale skatt etter ordinære reglar, kan du ikkje gå tilbake til kjeldeskatt for dette inntektsåret. Dette gjeld uavhengig av kva grunn du hadde til å velje deg ut. Ved overgangen til eit nytt inntektsår kan du bli med i kjeldeskatteordninga for det nye inntektsåret dersom vilkåra er oppfylte.

Skatt som allereie er betalt, blir teken omsyn til i det nye skattekortet ditt, i skattemeldinga og i skatteoppgjeret. 

Refusjon

Dersom arbeidsgivaren din har trekt for mykje kjeldeskatt, kan du søka å få tilbakebetalt det du har betalt for mykje.