Husk å sjekke at du har riktig tilgang til denne tjenesten
Fra 17. november 2026 er det ikke lenger mulig å levere a-melding med de gamle Altinn-rollene. Det er derfor viktig at du kontrollerer at du har riktig tilgangspakke for denne tjenesten, eller at du har fått delegert tilgang til en enkelttjeneste.
Du kan lese mer om tilgangspakker på: Nye tilgangspakker for a-meldingen - Skatteetaten
Trenger du hjelp til tilgangsstyring se: Altinn - Tilgangsstyring - administrere fullmakter
Forenkla a-melding for velgjerande og allmennyttige organisasjonar
Tenesta er for velgjerande og allmennyttige organisasjonar som engasjerer ein privatperson til arbeidsoppdrag og lønnsutgifta ikkje inngår i næringsverksemd.
Om denne a-meldinga
Bruk tenesta for å gi opplysningar om lønn og forskottstrekk for tilsette når
- lønnsutgiftene per tilsett ikkje overstig 80 000 kroner i løpet av året
- dei samla lønnsutgiftene for alle tilsette ikkje overstig 800 000 kroner i løpet av året
Merk!
Dersom utbetalingane overstig beløpa ovanfor, skal du ikkje bruke denne tenesta. Då skal du sende inn ei ordinær a-melding, anten via lønnssystemet eller direkte på skatteetaten.no. Dersom du allereie har brukt denne tenesta og det viser seg at du går over beløpsgrensene, kan du bruke tenesta ut året.
For utbetalingar som ikkje overstig 10 000 kroner per tilsett i løpet av året, treng du ikkje å sende inn noka a-melding.
For å fylla ut og sende inn forenkla a-melding for veldedig eller allmennyttig organisasjon må du ha ein av desse tilgangspakkane:
- A-ordningen
- Ansvarlig revisor
- Regnskapsfører lønn
- Regnskapsfører med signeringsrettighet
- Regnskapsfører uten signeringsrettighet
- Revisormedarbeider
For Norskregistrert utenlandsk foretak (NUF) vil det i tillegg være mulig å sende inn skjemaer med enhetsregisterrollen "Kontaktperson NUF”.
Sjå Altinn - Tilgangsstyring - administrere fullmakter for meir informasjon om tilgangsstyring.Frist
Fristen for sende inn a-meldinga er seinast den første kvardagen etter lønnsutbetalinga.
Betaling
Betal forskottstrekket til Skatteetaten med eigen KID same dagen som du sender inn a-meldinga.
Samanstilling/årsoppgåve
Dersom du leverer ei forenkla a-melding for ein velgjerande og allmennyttig organisasjon, er du fritatt frå å levere ei årleg samanstilling / årsoppgåve til den tilsette.
- Vel organisasjonsnummeret for organisasjonen du skal representere.
- Vel korrekt undereining for eininga i nedtrekkslista. Dersom føretaket ikkje har noka undereining, må du velje «Send inn som hovudeining».
- Vel «Send inn ny a-melding» i oversiktssida.
- Fyll ut namnet og fødselsnummeret på personen som har fått utbetalinga.
- Fyll deretter ut datoen for lønnsutbetalinga og trykk på «Gå vidare».
- Fyll ut dei andre opplysningane i skjemaet.
- Trykk på «Gå vidare».
- Kontroller opplysningane, forskottstrekket og eventuelt arbeidsgivaravgifta.
- Hak av for at opplysningane er riktige.
- Trykk på «Send inn a-meldinga ».
Merk!
Den tilsette skal ha ei utskrift av lønnsslippen.
- Start i oversikta for undereininga.
- Finn a-meldinga du skal korrigere i oversikta.
- Trykk på «Endre a-meldinga».
- Korriger opplysningane som er feil, og send inn den korrigerte a-meldinga.
Merk!
Dersom du erstattar ei innsend a-melding, må den nye a-meldinga vere komplett. Den nye a-meldinga skriv over alle opplysningane som stod i a-meldinga du har valt å erstatte.
Dersom du skal slette alle opplysningane du har sendt inn i ei a-melding, må du annullere meldinga.
Slik gjer du det:
- Finn a-meldinga du skal annullere (slette) i oversikta over innsende a-meldingar.
- Lat all informasjonen om den tilsette stå, og set sluttdato lik startdato for når arbeidet vart utført.
- Slett all informasjon om lønn, skattetrekk og arbeidsgivaravgift.
- Skriv 0 i alle obligatoriske felt.
- Trykk «Gå vidare».
- Stadfest at opplysningane er rette og send inn a-meldinga.