Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret)

Aa-registeret er eit grunndataregister over arbeidsforhold i Noreg. Det er NAV som eig og forvaltar registeret.

Aa-registeret er eit grunndataregister over arbeidsforhold i Noreg. Det er NAV som eig og forvaltar registeret.
Opplysningar om arbeids- og oppdragsforhold som blir rapporterte i a-meldinga, blir registrerte i Aa-registeret. Fleire offentlege styresmakter og private aktørar bruker arbeidsforholdsopplysningar frå Aa-registeret for å løyse offentlege oppgåver, slik som NAV, Skatteetaten, Arbeidstilsynet, kommunar, fylkeskommunar og finansinstitusjonar.


NAV bruker opplysningane i Aa-registeret mellom anna til å

• behandle søknader om ytingar
• utbetale og refundere sjukepengar og foreldrepengar
• arbeide for å redusere sjukefråvær
• førebyggje og avdekkje trygdemisbruk
• utarbeide statistikk

Vil du sjå opplysningar i Aa-registeret?

Arbeids- og oppdragsgivarar kan bruke NAV si innsynsteneste for arbeidsgivarar for å sjå kva opplysningar verksemda har gitt om arbeidsforhold i a-meldinga.

 

Dersom du er tilsett eller frilansar, kan du sjå kva opplysningar arbeidsgivar eller oppdragstakar har gitt om arbeidsforholdet ditt på Mi side på nav.no.