Bruk av tilhengjar for tunge køyretøy

Skal du trekkje tilhengjar eller bruke ein annan tilhengjar enn det bilen er registrert for, må du melde dette til ein av Statens vegvesen sine trafikkstasjonar.

Du skal då registrere nye opplysningar om kva køyretøyet skal brukast til. Krav om vektårsavgift blir deretter fastsett av Skatteetaten.

Skal du bruke ulike tilhengjarar, må du bruke satsen for den kombinasjonen av køyretøy som gir høgast avgift. Dette må minimum vere satsen for det same køyretøyet utan tilhengjar.

Døgnavgift ved sporadisk bruk av tilhengjar

Brukar du tilhengjar sporadisk, kan du heller velje å betale en døgnsats på 2 prosent av full vektårsavgift. Dette gjeld òg dersom du brukar ein annan tilhengjar enn det køyretøyet er registrert med.

Hovudregelen tilseier at døgnavgifta skal vera betalt inn til Skatteetaten før du kan køyra med hengar, men Skatteetaten er oppmerksam på at dette i nokre tilfelle kan vera vanskeleg i praksis. Du kan i slike tilfelle kontakta Skatteetaten på telefon 800 80 000 innanfor kontortida, eller kontakta Skatteetaten for å registrera døgnavgifta. Du vil då få eit vedtak med betalingsinformasjon.