Koronavirus – viktig informasjon fra Skatteetaten

Vektårsavgift

Har du eit registrert køyretøy med tillaten totalvekt på 7500 kg eller meir, må du betale vektårsavgift.

Faktura for vektårsavgifta blir send ut to gonger i året, med forfall 20. februar og 20. august. Fakturaen kjem via Altinn dersom du ikkje har lagt til rette for elektronisk mottak av faktura.

Kor mykje skal du betale?

Kor mykje du skal betale i vektsårsavgift, kjem an på vekt, talet på akslar og fjøringssystem. Vektårsavgifta kan derfor variere mykje avhengig av køyretøyet. Dieseldrivne køyretøy skal også betale ei miljødifferensiert avgift.

Kven skal betale?

Den som står som eigar av køyretøyet 1. januar og 1. juli, får tilsendt faktura.

Eigaren er ansvarleg for at det blir betalt riktig avgift for køyretøyet. Dersom køyretøyet er registrert for å trekkje tilhengjar, finn du den tillatne totalvekta i vognkortet.

Ved kjøp og sal må den nye og den tidlegare eigaren avtale kven som skal betale vektårsavgifta. Begge er ansvarlege for at avgifta blir betalt. Skatteetaten fordeler ikkje vektårsavgifta mellom ny og tidlegare eigar.

Vektårsavgift skal berre betalast for tunge køyretøy med tillaten totalvekt på 7500 kilo eller meir. For køyretøy under 7500 kilo skal du betale trafikkforsikringsavgift, som blir fakturert via bilforsikringa.

Kva skjer dersom vektårsavgifta ikkje blir betalt?

Dersom avgifta ikkje blir innbetalt ved forfall, blir det lagt på forseinkingsrenter fram til kravet er betalt. Ved manglande betaling blir det sett i verk tvangsinnkrevjing, og det kan bli vedtatt at køyretøyet ikkje kan brukast / må avskiltast.

Den nye eigaren er også ansvarleg for det siste terminbeløpet, og kravet kan også bli kravd betalt av den nye eigaren.

Har du mange køyretøy?

Har du mange køyretøy, får du tilsendt ein samla faktura for køyretøya som er registrert på organisasjonsnummeret til firmaet eller på fødselsnummeret til ein person.