Skjema

Dagsoppgjer eller månadsoppgjer for speditørar

Berre speditørar som fortollar varer på vegner av andre, kan søkje om dagsoppgjer eller månadsoppgjer.

Kven kan søkje?

Det er berre speditørar som fortollar varer på vegner av andre som kan få dagsoppgjer eller månadsoppgjer.

Du kan ikkje søkje om månadsoppgjer utan løyve til å deklarere varer til fleire mottakarar på same deklarasjon (samlefortolling)

Dette løyvet må du få frå Tolletaten, og det må vere godkjent før de søkjer. Send inn løyvet saman med søknaden.

 

I tillegg må verksemda oppfylle dei følgjande vilkåra:

Verksemda må

  • vere registrert i Føretaksregisteret og i Meirverdiavgiftsregisteret
  • ha TVINN-tilgang etter gjennomført testperiode
  • vere kredittverdig – dersom de har redusert kredittverdigheit, kan de likevel søkje, så lengje de stiller med bankgaranti

Viss verksemda søkjer om dagsoppgjer eller månadsoppgjer for ei underavdeling, er det hovudføretaket som skal sende søknaden. Vi gjer merksam på at det berre heilt unntaksvis blir innvilga dagsoppgjer eller månadsoppgjer for ei underavdeling.

Utanlandske verksemder kan også søkje om dagsoppgjer eller månadsoppgjer.

For å kunne søkje må verksemda vere registrert i eit føretaksregister eller tilsvarande i det landet der verksemda er etablert. Viss verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret med representant, kan de søkje om dispensasjon frå kravet om registrering i Føretaksregisteret. Det same gjeld for føretak i EU/EØS som er direkte registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og som på grunn av definisjonen av «næringsverksemd» i foretaksregisterloven ikkje har ei tilknyting til Noreg.

Har de ei utanlandsk verksemd og ønskjer dagsoppgjer eller månadsoppgjer for ein norsk filial (NUF), må søknaden setjast fram av det utanlandske hovudføretaket. Verksemda kan bli beden om å sende inn ulike former for dokumentasjon, som rekneskap, skatteattest eller liknande. Dette gjeld både ved behandling av søknaden, og undervegs i kundeforholdet.

Har de ei verksemd som er etablert i eit EU/EØS-land som Noreg ikkje har avtale om innkrevjingsbistand med, blir krav om tryggleik sett som vilkår for innvilging. Dette gjeld også for verksemder som er etablerte i land utanfor EU/EØS, sjølv om det er inngått avtale om innkrevjingsbistand med landet.

Utanlandske verksemder kan ikkje levere søknad via skatteetaten.no. Kontakt oss for å få tilsendt skjemaet for utanlandske verksemder.

Slik søkjer du

Dersom du skal søkje om månadsoppgjer, må du laste opp løyvet til å deklarere varer til fleire mottakarar på same deklarasjon (samlefortolling) frå Tolletaten i søknaden.

For å kunne sende inn skjemaet, må du ha tilgang på vegner av verksemda du representerer. Oversikt over rollene og rettane dine finn du i profilen din i Altinn (altinn.no).

For å fylle ut og sende inn skjemaet må du ha ei av desse Altinn-rollene:

  • Avgrensa signeringsrett
  • Tilgangspakke for verksemder: Kreditt- og oppgjersordningar

Om du ikkje har nokon av desse rollene, må du kontakte dagleg leiar i verksemda di, eller ein person med tilgangstyringsrettar.

Kontakt Altinn brukarservice (altinn.no) om du har problem med roller og rettar.

Viss verksemda allereie har dagsoppgjer eller månadsoppgjer og ønskjer å gjere endringar, kan de endre, gjenopne eller avslutte ordninga.

Slik behandlar vi søknaden

Verksemda får kreditt for eit avgrensa beløp ut frå kva kredittbehov de har oppgitt i søknaden.

Når vi behandlar søknaden, legg vi også vekt på Skatteetaten sin generelle tillit til verksemda. Det vil seie betalingsvilje og betalingsevne, inndrivingsmoglegheiter og om verksemda har overhalde relevant regelverk. Det kan bli stilt krav om sikkerheit. 

Betaling

De er sjølve ansvarlege for å betale korrekt beløp innan forfall. Dette gjeld sjølv om de ikkje har fått oversikta over deklarasjonane.

Betalinga må vere mottatt av ein norsk bank seinast på forfallsdagen. Dersom de betaler frå utlandet, må beløpet vere godskrive Skatteetaten sin bank seinast på forfallsdagen.

Tidspunkt for betaling av dagsoppgjer

De må betale samla dagsoppgjer første yrkedag etter at varene er deklarerte for prosedyren overgang til fri disponering (fortolla).

Tidspunkt for betaling av månadsoppgjer

De må betale samla månadsoppgjer den 18. i månaden etter at varene er deklarerte for prosedyren overgang til fri disponering (fortolla).

Hente ut informasjon frå Altinn

Skatteetaten distribuerer oversikt over deklarasjonar som meldingar i Altinn.

I Meldingshandboka finn de ei skildring av e2b-fakturaformat som blir brukt for oversikt over tolldeklarasjonar med betalingsinformasjon under månadsoppgjersordninga.

Altinn tilbyr fleire måtar å hente ut informasjon på for ein sluttbrukar, og støttar både maskin-til-maskin-kommunikasjon og ein portal der ein kan laste ned informasjonen manuelt.

Last ned dokumentasjon for sluttbrukarsystem (PDF)

Deklarasjonsoversikten legges som en melding i Altinn i PDF-format og e2b-format.

I Meldingshåndboken finner dere en beskrivelse av e2b-fakturaformat som brukes for oversikt over tolldeklarasjoner med betalingsinformasjon knyttet til dagsoppgjør og månedsoppgjør.

Altinn tilbyr flere måter for sluttbrukere å hente ut informasjonen på, og støtter både maskin-til-maskin-kommunikasjon og en portal hvor virksomheten kan laste ned informasjonen manuelt.

Last ned dokumentasjon for sluttbrukersystemer (PDF)

Viss du betaler for seint eller ikkje oppfyller andre vilkår

De er sjølve ansvarlege for å halde oversikt over beløpet de skal betale.

Dersom de ikkje har betalt innan fristen, kan løyvet til dagsoppgjer eller månadsoppgjer bli stoppa omgåande og utan at de blir varsla på førehand. Ved forseinka betaling må de betale renter. Har de stilt garanti, vil garantisten få krav om å innfri garantien.

Dersom verksemda ikkje lenger er kredittverdig, eller andre vilkår ikkje lenger er oppfylte, kan vi stille krav om (auka) sikkerheit, eller de kan miste løyvet til dagsoppgjer eller månadsoppgjer. 

Overvaking av kredittverdigheit

Skatteetaten vil overvake kredittverdigheita for verksemda så lenge kundeforholdet består. Viss verksemda ikkje lenger er kredittverdig eller andre vilkår ikkje lengre er oppfylte, kan ordninga bli kalla tilbake.

Ved redusert kredittverdigheit kan det bli stilt krav som sikkerheitsstilling eller ein auke av allereie stilt sikkerheit.

Trygdgiving

Viss kredittverdigheita blir redusert eller verksemda må auke kredittgrensa, kan Skatteetaten krevje at de stiller sikkerheit eller aukar allereie stilt sikkerheit. Sikkerheit skal stillast i form av sjølvskuldnarkausjon frå bank eller forsikringsselskap.

Banken må utarbeide garantiteksten i tråd med Skattedirektoratets standard.

Forholdet til tollavgiftspliktige

Dagsoppgjersordninga eller månadsoppgjersordninga endrar ikkje det ansvaret importøren/eksportøren har for å betale toll og andre avgifter.

Speditøren må derfor orientere oppdragsgivaren sin om at dette ansvaret ikkje fell bort sjølv om han eventuelt har forskottert toll og avgifter til speditøren.

Endre, gjenopne eller avslutte eksisterande ordning

Viss kredittgrensa er sett for lågt eller for høgt, kan verksemda søkje om endring av kredittgrensa.

Om de måtte stille sikkerheit for å få dagsoppgjer eller månadsoppgjer og ønskjer at krav om sikkerheit blir vurdert på nytt, kan de søkje om reduksjon eller fråfalling av garantikravet. Då vil Skatteetaten gjennomføre ei ny kredittvurdering.

Har ordninga vorte stengd, kan de søkje om gjenopning.

Dersom de ikkje har behov for dagsoppgjer eller månadsoppgjer, kan de be om at ordninga blir avslutta.