Skjema

Dagsoppgjer eller månadsoppgjer for speditørar

Berre speditørar som fortollar varer på vegner av andre kan søkje om dagsoppgjer eller månadsoppgjer.

Kven kan søkje?

Det er berre speditørar som fortollar varer på vegner av andre som kan få dagsoppgjer eller månadsoppgjer.

Du kan ikkje søkje om månadsoppgjer utan løyve til å deklarere varer til fleire mottakarar på same deklarasjon (samlefortolling)

Dette løyvet må du få frå Tolletaten, og det må vere godkjent før de søkjer. Send inn løyvet saman med søknaden.

 

I tillegg må verksemda oppfylle dei følgjande vilkåra:

Verksemda må

  • vere registrert i Føretaksregisteret og i Meirverdiavgiftsregisteret
  • ha TVINN-tilgang etter gjennomført testperiode
  • vere kredittverdig – dersom de har redusert kredittverdigheit, kan de likevel søkje, så lengje de stiller med bankgaranti

Slik søkjer du

Dersom du skal søkje om månadsoppgjer, må du laste opp løyvet til å deklarere varer til fleire mottakarar på same deklarasjon (samlefortolling) frå Tolletaten i søknaden.

Slik behandlar vi søknaden

Verksemda får kreditt for eit avgrensa beløp ut frå kva kredittbehov de har oppgitt i søknaden.

Når vi behandlar søknaden, legg vi også vekt på Skatteetaten sin generelle tillit til verksemda. Det vil seie betalingsvilje og betalingsevne, inndrivingsmoglegheiter og om verksemda har overhalde relevant regelverk. Det kan bli stilt krav om sikkerheit. 

Betaling

De er sjølve ansvarlege for å betale korrekt beløp innan forfall. Dette gjeld sjølv om de ikkje har fått oversikta over deklarasjonane.

Betalinga må vere mottatt av ein norsk bank seinast på forfallsdagen. Dersom de betaler frå utlandet, må beløpet vere godskrive Skatteetaten sin bank seinast på forfallsdagen.

Tidspunkt for betaling av dagsoppgjer

De må betale samla dagsoppgjer første yrkedag etter at varene er deklarerte for prosedyren overgang til fri disponering (fortolla).

Tidspunkt for betaling av månadsoppgjer

De må betale samla månadsoppgjer den 18. i månaden etter at varene er deklarerte for prosedyren overgang til fri disponering (fortolla).

Hente ut informasjon frå Altinn

Skatteetaten distribuerer oversikt over deklarasjonar som meldingar i Altinn.

I Meldingshandboka finn de ei skildring av e2b-fakturaformat som blir brukt for oversikt over tolldeklarasjonar med betalingsinformasjon under månadsoppgjersordninga.

Altinn tilbyr fleire måtar å hente ut informasjon på for ein sluttbrukar, og støttar både maskin-til-maskin-kommunikasjon og ein portal der ein kan laste ned informasjonen manuelt.

Last ned dokumentasjon for sluttbrukarsystem (PDF)

Viss du betalar for seint eller ikkje oppfyller andre vilkår

De er sjølve ansvarlege for å halde oversikt over beløpet de skal betale.

Dersom de ikkje har betalt innan fristen, kan løyvet til dagsoppgjer eller månadsoppgjer bli stoppa omgåande og utan at de blir varsla på førehand. Ved forseinka betaling må de betale renter. Har de stilt garanti, vil garantisten få krav om å innfri garantien.

Dersom verksemda ikkje lenger er kredittverdig, eller andre vilkår ikkje lenger er oppfylte, kan vi stille krav om (auka) sikkerheit, eller de kan miste løyvet til dagsoppgjer eller månadsoppgjer. 

Forholdet til tollavgiftspliktige

Dagsoppgjersordninga eller månadsoppgjersordninga endrar ikkje det ansvaret importøren/eksportøren har for å betale toll og andre avgifter.

Speditøren må derfor orientere oppdragsgivaren sin om at dette ansvaret ikkje fell bort sjølv om han eventuelt har forskottert toll og avgifter til speditøren.

Utanlandske verksemder kan også søkje

Utanlandske verksemder kan også søkje. Verksemda må vere registrert i eit føretaksregister eller tilsvarande i det landet der verksemda er etablert. Viss verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret med representant, kan de søkje om dispensasjon frå kravet om registrering i Føretaksregisteret. Det same gjeld for føretak i EU/EØS som er direkte registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og som på grunn av definisjonen av «næringsverksemd» i føretaksregisterlova ikkje har ei tilknyting til Noreg.

Har de ei utanlandsk verksemd og ønskjer dagsoppgjer eller månadsoppgjer for ein norsk filial (NUF), må søknaden kome frå det utanlandske hovudføretaket. Vi kan be verksemda om å sende inn ulike former for dokumentasjon, til dømes rekneskap, skatteattest eller liknande. Dette gjeld både i samband med behandlinga av søknaden og undervegs i kundeforholdet.

Utanlandske verksemder kan ikkje sende søknaden via skatteetaten.no. Kontakt oss for å få eit skjema.

Har de ei verksemd som er etablert i eit EU/EØS-land som Noreg ikkje har ein avtale om innkrevjingsbistand med, kan vi berre innvilge søknaden dersom det er krav om sikkerheit. Det same gjeld for verksemder som er etablerte i land utanfor EU/EØS, sjølv om Noreg har ein avtale om innkrevjingsbistand med landet.