Betalingsavtalar for krav frå Nav

Bedrifter og organisasjonar kan søkje om å dele opp dei fleste krava frå Nav. 

Logg inn og fyll ut RF-1374:

Del opp betalinga

  • Krava må til saman vere under 100 000 kroner.
  • Krava må betalast innan 24 månader.
  • Avdragsbeløpet må vere minimum 500 kroner per månad.
  • Søknaden må omfatte alle dei forfalne tilbakebetalingskrava dine frå Nav, og også dei forfalne skatte- og avgiftskrava dine dersom du har det.
  • Du kan ikkje ha forfalne krav til Helfo
  • Du kan ikkje ha fått betalingsavtale for same krav tidlegare.
  • Du kan ikkje ha fått varsel om utlegg for krava du søkjer avtale for.
  • Vi kan ikkje ha vedtatt trekk i inntekta di.
  • Du må ha fylt 18 år.

Om du ikkje oppfyller kriteria over, kan vi unntaksvis gi deg ein betalingsavtale. Då må betalingsavtalen  

  • gi like god eller betre dekning enn innkrevjing med andre verkemiddel, til dømes tvangsinnkrevjing 
  • ikkje verke støytande eller kunne svekkje den alminnelege betalingsmoralen

Det er Innkrevjingsmyndigheita i Skatteetaten som vurderer om kriteria er oppfylte.

Viktig at de held avtalen

Sjølv om de inngår ein betalingsavtale, vil det komme forseinkingsrenter i tillegg til kravet. Vi bereknar forseinkingsrenter frå forfallsdatoen. Det betyr at det blir dyrare for dykk enn viss de betaler heile kravet med ein gong.

Det er og viktig at de følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing.