Betalingsavtale for krav vi krev inn for andre

Om de som bedrift eller organisasjon ikkje kan betale heile beløpet på ein gong, kan de søkje om å dele opp eller utsetje kravet.

Vi krev inn forseinkingsgebyr, finanstilsynsavgift, sakskostnader, tvangsmulkt, straffegebyr, dokumentavgift og årsgebyr på vegner av andre offentlege aktørar. 

Viktig informasjon

Denne sida gjeld krav frå ei rekkje offentlege aktørar, med unntak av krav frå Nav.

Vi rår deg til å heller dele opp kravet enn å utsetje betalinga.

Det er viktig at du følgjer opp avtalen for at kravet ditt ikkje skal gå vidare til tvangsinnkrevjing og dermed trekk i inntekta di.

 

Ta kontakt med oss dersom verksemda 

  • har meir enn eitt krav frå oss
  • har misleghalde kravet som du ønskjer å dele opp
  • ønskjer lengre nedbetalingstid enn 6 månader eller eit månadsbeløp under 500 kroner

 

Ta kontakt med oss dersom verksemda 

  • har meir enn eitt krav frå oss
  • har misleghalde kravet som du ønskjer å utsetje