Klage på vedtak om suppleringsskatt
Har de fått eit vedtak frå Skatteetaten, har de rett til å klage.
De kan klage på
- vedtak om fastsett suppleringsskatt
- vedtak om grunnlaget for berekning av suppleringsskatt
- vedtak om tvangsmulkt
- vedtak om tilleggsskatt
- vedtak om å avvise klage
De skal ikkje klage om de ønskjer å endre melding for suppleringsskatt (GIR) eller skattemelding for suppleringsskatt etter første innsending. Då skal de sende ein førespurnad om endring. Om de har fått eit varsel om endring og er usamde, skal de svare på varselet inne i Min suppleringsskatt.
Slik klagar de på vedtak
Klagen må vere skriftleg. De må oppgi kva type vedtak de klagar på og referansenummeret for vedtaket. Referansenummeret finn de øvst i vedtaket. De må også grunngi kvifor de klagar på vedtaket og kva endringar de ønskjer. Eventuelle andre opplysningar og dokumentasjon som kan ha noko å seie for vurderinga av klagen bør de leggje ved.
For å kunne sende inn må verksemda du representerer vere registrert i Einingsregisteret. Du må i tillegg ha rolla eller tilgangspakken som gir deg rettar.
Roller
Avgrensa signeringsrett (SISKD)
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239)
Ansvarleg revisor (A0237)
Tilgangspakkar
Skatt næring
Rekneskapsførar med signeringsrett
Ansvarleg revisor
Tenesta “suppleringsskatt”
Ein avgrensa tilgang som berre gir høve til å validere og levere melding for suppleringsskatt (GIR), notifikasjon, skattemelding for suppleringsskatt og skrive til oss om suppleringsskatt.
Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar.
De må klage innan seks veker
Klaga må vere send innan seks veker etter at de fekk vedtaket.
Viss klagefristen på seks veker er passert, vurderer vi om klagen skal behandlast likevel. Når vi vurderer dette, legg vi mellom anna vekt på kor lang tid som er gått sidan vedtaket vart gjort, kor god informasjon vi har om saka, kva betydning det har for verksemda å få vedtaket endra og kva som er grunnen til at klaga er sendt inn etter fristen.
Dersom det har gått meir enn eitt år sidan vedtaket vart gjort, kan vi uansett ikkje behandle ein klage som ei klagesak.
Etter at klagen er sendt inn
Når de har sendt klagen, får de ei stadfesting på at klagen er mottatt. Vi vil behandle klagen og vurdere om det er grunnlag for å endre vedtaket i samsvar med klagen. Om vi ikkje endrar vedtaket, vil vi sende saka over til Skatteklagenemnda som er rett klageinstans.
Skal de gi nye opplysningar i klagesaka?
Om de allereie har sendt inn ein klage og treng å gi oss nye opplysningar eller har spørsmål, kan de logge inn på Min suppleringsskatt. Der finn de stadfestinga på at vi har fått klagen, og kan skrive til oss direkte i saka.
Virksomhetens rettigheter og plikter
De har rett til innsyn i saksdokumenta. De kan be om desse via kontaktskjemaet vårt ved å velje “anna”.
Om de får medhald i klagen, kan de ha rett til å få dekt vesentlege og nødvendige sakskostnader de har hatt i samband med klagesaka. Ta kontakt med oss om de har spørsmål om kva sakskostnader de kan ha rett til å få dekt.
Sjølv om de har klaga på eit vedtak, har de plikt til å betale det fastsette kravet innan ordinært forfall. Viss kravet ikkje blir betalt innan fristen, vil det komme på forseinkingsrenter.
Viss klaga gjeld tilleggsskatt, har de ikkje plikt til å betale tilleggsskatten medan klage- eller domstolsbehandling går føre seg.
De kan få hjelp frå ein fullmektig til å klage på vegner av verksemda. Ein fullmektig kan anten vere ein person eller ei profesjonell verksemd, til dømes ein advokat. Vi tilrår at de gir fullmektigen nødvendig tilgang i Altinn for å kunne representere verksemda i saka.
Vi tilrår at de sender klagen via nettsidene våre, men de kan også sende klagen i posten til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 Oslo
Kontakt oss
Har du spørsmål om suppleringsskatt, kan du logge inn på nettsidene våre og skrive til oss.