Melding for suppleringsskatt (GIR)

Melding for suppleringsskatt (GIR) skal sendast inn digitalt i XML-format og skal innehalde opplysningar om og berekning av suppleringsskatt.

Kven skal levere melding for suppleringsskatt (GIR)?

Verksemder i Noreg som inngår i eit konsern omfatta av suppleringsskattelova, har plikt til å levere melding for suppleringsskatt (GIR). Du må levere melding for suppleringsskatt (GIR) sjølv om det ikkje blir berekna suppleringsskatt for det aktuelle rekneskapsåret. Unntatte verksemder er fritatte frå plikta til å levere melding for suppleringsskatt (GIR). 

Viss verksemda inngår i fleire konsern i det same rekneskapsåret, skal det leverast ei eiga melding for suppleringsskatt (GIR) for kvart konsern. 

Viss ei anna verksemd leverer melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av verksemda du representerer, må du gi oss beskjed om dette. Les meir om korleis du sender inn notifikasjon for suppleringsskatt.

Slik gjer du det

Dette må du gjere før du sender inn melding for suppleringsskatt (GIR):

Omfanget av opplysningsplikta avheng av fleire faktorar. Vi har derfor laga ei eiga rettleiing som forklarer korleis du skal fylle ut melding for suppleringsskatt (GIR). Rettleiinga fokuserer på dei krava som gjeld for norske verksemder og når melding for suppleringsskatt (GIR) skal sendast inn. 

Du må også setje deg godt inn i XSD-krava (XML Schema Definition) som blir stilte til fila.

For å hjelpe deg i arbeidet med å lage XML-fila som skal sendast inn, har vi laga ei dømefil som viser deg korleis XML-fila skal vere strukturert. 

For å vere sikker på at fila er klar for innsending, tilrår vi at du testar XML-fila både gjennom ein ekstern XSD-validator og valideringstenesta vår.

I valideringstenesta skjer den same kontrollen som blir gjort ved innsendinga.

Når du har lasta opp XML-fila i tenesta gjer vi ein automatisk kontroll av ei rekkje opplysningar. Er det feil eller manglar i fila, vil du få ei tilbakemelding på kva og kvar i fila feilen er.

I kontrollen kan vi oppdage ulike typar feil og manglar

Ein merknad er ei tilbakemelding frå Skatteetaten om at det kan vere feil eller manglar i fila som du bør vurdere om skal rettast før du sender henne inn. Du kan sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) med merknader, men det kan føre til oppfølging både i samband med fastsetjing av skatt i Noreg og ved utveksling av opplysningar til utlandet. 
Andre feil, markert som feil i tenesta, vil hindre innsending og må rettast før melding for suppleringsskatt (GIR) kan sendast inn.

Vi har laga ei oversikt over kva reglar som blir kontrollerte med skildring og rettleiing for å rette dei. 

 

 

Send inn melding for suppleringsskatt (GIR)

Når du har førebudd fila og ho er i tråd med rettleiinga, kan du sende inn melding for suppleringsskatt (GIR) via nettsidene våre.

For å kunne sende inn må verksemda du representerer vere registrert i Einingsregisteret. Du må i tillegg ha rolla eller tilgangspakken som gir deg rettar. 

Roller

Avgrensa signeringsrett (SISKD) 
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239) 
Ansvarleg revisor (A0237) 

Tilgangspakkar

Skatt næring 
Rekneskapsførar med signeringsrett  
Ansvarleg revisor 

Tenesta “suppleringsskatt”

Ein avgrensa tilgang som berre gir høve til å validere og levere melding for suppleringsskatt (GIR), notifikasjon, skattemelding for suppleringsskatt og skrive til oss om suppleringsskatt. 

Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er  også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar.   

 

Etter du har sendt inn

Når melding for suppleringsskatt (GIR) er sendt inn får du ei stadfesting på at meldinga er mottatt. Informasjonen ligg også tilgjengeleg på Min suppleringsskatt når du loggar deg inn på nettsidene våre.

Har du spørsmål knytte til dei innsende opplysningane i fila kan du ta kontakt med oss. 

Skal verksemda du representerer betale suppleringsskatt, må du i tillegg levere skattemelding for suppleringsskatt. 

Frist

Fristen for å levere melding for suppleringsskatt (GIR) er 15 månader etter utløpet av rekneskapsåret for det øvste morselskapet i konsernet. Det første året konsernet blir omfatta av suppleringsskattelova er fristen 18 månader.  

Når fristen for å levere er på ein laurdag, søndag eller heilagdag, er det tidsnok om du leverer skattemeldinga første arbeidsdag etterpå. 

Du kan ikkje søkje om utsetjing eller fritak frå levering. 

Endre melding for suppleringsskatt (GIR)

Ønskjer du å endre meldinga for suppleringsskatt (GIR) etter at ho er sendt inn kan du sende oss ein førespurnad om endring. Dette gjer du ved å sende inn ei ny fullstendig melding for suppleringsskatt (GIR) med oppdaterte opplysningar på nettsidene våre. 

Når du sender inn på nytt må du velje om endringa gjeld fastsetjing av skatt i Noreg eller utlandet, eller begge deler. Viss endringane gjeld andre forhold, kan du velje “anna”. Du må også gi ei kort skildring av kva som er endra og kvifor du ber om endringane. 

Etter at du har sendt inn ein førespurnad om endring, vil du få ei stadfesting på at førespurnaden er mottatt, saman med grunngivinga du sende inn. Informasjonen ligg også tilgjengeleg inne på Min suppleringsskatt når du loggar deg inn på nettsidene våre. 

Skatteetaten vil vurdere førespurnaden og gi deg ei tilbakemelding.  

Kontakt oss

Har du spørsmål om suppleringsskatt kan du ta kontakt ved å logge inn på nettsidene våre og skrive til oss. 

 

Har du allereie sendt inn melding om suppleringsskatt (GIR)?

Logg inn på nettsidene våre, finn stadfestinga på innsendinga og skriv til oss direkte på saka.