Notifikasjon for suppleringsskatt

Notifikasjonen skal vise kven som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) på vegner av ei eller fleire norske verksemder og i kva land meldinga blir levert.

Kven skal sende inn notifikasjonen?

Når verksemda du representerer ikkje sjølv skal levere melding for suppleringsskatt (GIR), må du gi oss beskjed om kven som leverer meldinga på deira vegner. Dette gjer du ved å sende ein notifikasjon for suppleringsskatt.

Du kan levere ein samla notifikasjon for alle norske verksemder i same konsern. Inngår verksemda du representerer i fleire konsern i løpet av det same rekneskapsåret, må du levere ein eigen notifikasjon for kvart konsern.

Notifikasjonen fortel oss kva land melding for suppleringsskatt (GIR) blir levert i, og dessutan kva verksemd som kjem til å levere meldinga. Plikta til å levere melding for suppleringsskatt (GIR) fell likevel ikkje bort dersom denne verksemda ikkje leverer nok informasjon for å fastsetje suppleringsskatt i Noreg. 

Vi kan berre få melding for suppleringsskatt (GIR) frå dei landa Noreg har utvekslingsavtale med. Sjå lista over aktiverte avtalar om automatisk utveksling av opplysningar på nettsidene til OECD. 

For rekneskapsåret 2024 vil vi i tillegg godta notifikasjon om at melding for suppleringsskatt (GIR) blir levert i eit av dei landa som står på lista over land som er venta å vere klare for sentralisert levering før 31.mai 2026 (OECD). Om vi ikkje får informasjon frå det aktuelle landet meldinga er levert i, vil du få ein førespurnad frå oss om å levere melding for suppleringsskatt (GIR), med ein ny frist. 

Leverer verksemda du representerer sjølv melding for suppleringsskatt (GIR) til oss, er det ikkje nødvendig å sende oss notifikasjon for suppleringsskatt.  

Send inn notifikasjon for suppleringsskatt

Du sender inn notifikasjonen for suppleringsskatt via nettsidene våre. Det er ikkje mogleg å sende han inn på papir.  

I notifikasjonen må du oppgi informasjon om 

  • startdato og sluttdato for rekneskapsåret for det øvste morselskapet i konsernet 
  • identifikasjonsnummer og namn på verksemda som skal levere melding for suppleringsskatt (GIR), og landet der verksemda er lokalisert
  • identifikasjonsnummer og namn på øvste morselskap i konsernet, og kva land dette er lokalisert
  • organisasjonsnummer på andre norske verksemder som notifikasjonen gjeld for, om du sender inn ein samla notifikasjon

Opplysningane om verksemda som skal levere melding for suppleringsskatt (GIR) og øvste morselskap i konsernet, skal samsvare med informasjonen som blir ført opp i melding for suppleringsskatt (GIR). 

For å kunne sende inn må verksemda du representerer vere registrert i Einingsregisteret. Du må i tillegg ha rolla eller tilgangspakken som gir deg rettar. 

Roller

Avgrensa signeringsrett (SISKD) 
Rekneskapsførar med signeringsrett (A0239) 
Ansvarleg revisor (A0237) 

Tilgangspakkar

Skatt næring 
Rekneskapsførar med signeringsrett  
Ansvarleg revisor 

Tenesta “suppleringsskatt”

Ein avgrensa tilgang som berre gir høve til å validere og levere melding for suppleringsskatt (GIR), notifikasjon, skattemelding for suppleringsskatt og skrive til oss om suppleringsskatt. 

Du finn informasjon om roller og rettar hos Altinn. Det er  også Altinn du må kontakte om du lurer på noko om tildeling og delegering av roller og rettar.   

 

Etter du har sendt inn

Når notifikasjonen er sendt inn får du ei stadfesting på at han er mottatt, med oversikt over innsende opplysningar og eit referansenummer. Informasjonen ligg også tilgjengeleg på Min suppleringsskatt når du loggar deg inn på nettsidene våre. 

Frist

Fristen for å levere notifikasjon for suppleringsskatt er 15 månader etter utløpet av rekneskapsåret for det øvste morselskapet i konsernet. Det første året konsernet blir omfatta av suppleringsskattelova er fristen 18 månader.

Du kan ikkje søkje om utsetjing eller fritak frå levering.

Endre notifikasjon for suppleringsskatt

Ønskjer du å endre notifikasjonen etter at han er send inn, kan du sende inn ein ny notifikasjon på nettsidene våre. Du vil då få ei ny stadfesting på at notifikasjonen er mottatt, med oversikt over innsende opplysningar og eit nytt referansenummer. Informasjonen ligg også tilgjengeleg på Min suppleringsskatt når du loggar deg inn på nettsidene våre.

Kontakt oss

Har du spørsmål om suppleringsskatt kan du kontakte oss ved å logge deg inn på nettsidene våre og skrive til oss.  

 

Har du allereie sendt inn ein notifikasjon?

Logg inn på nettsidene våre, finn stadfestinga på innsendinga og skriv til oss direkte på saka.