Jurisdiction Section
Bruk OECD-rettleiingane saman med presiseringane våre for å unngå feil eller merknader i Jurisdiction Section når du skal sende inn melding for suppleringsskatt (GIR). Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECD sin XML Schema User Guide side 41–125.
Jurisdiction Section inneheld detaljerte opplysningar om berekningar på land- og verksemdsnivå.
Jurisdiction Section skal fyllast ut i tråd med XML Schema User Guide, sjå sidene 41–125. Dette gjeld også der XML-fila ikkje er meint for utveksling (sentralisert levering).
Krava til kva informasjon som må førast opp i melding for suppleringsskatt (GIR) for at verksemda har oppfylt opplysningspliktene sine vil avhenge av fleire faktorar, mellom anna kva land som har skattleggingsrett. Eigne krav gjeld der det øvste morselskapet i konsernet er lokalisert i Noreg.
Sjå krava til fullstende av opplysningar i melding for suppleringsskatt (GIR)
For at ei verksemd skal oppfylle opplysningsplikta må melding for suppleringsskatt (GIR) som eit minimum innehalde Jurisdiction Section for alle verksemder i eller med tilknyting til konsernet (konserneiningar og felleskontrollerte verksemder og undereiningane deira) der Noreg har skattleggingsrett. Informasjon om kva land som har skattleggingsrett skal førast opp i elementa JurWithTaxingRights i Jurisdiction Section og Summary.
Slik fyller du ut meldinga
RecJurCode
Når melding for suppleringsskatt (GIR) blir levert i Noreg, oppgi landkoden for Noreg («NO»). Viss melding for suppleringsskatt (GIR) skal utvekslast med andre land, må elementet «RecJurCode» også innehalde landkodar for alle land som skal få opplysningar i den aktuelle Jurisdiction Section. Når opplysningar i melding for suppleringsskatt (GIR) skal utvekslast, må verdien “GIR401” eller “GIR402” førast opp i «FilingCERole» elementet i Filing Info for å indikere at opplysningane i meldinga skal utvekslast. Når opplysningane i melding for suppleringsskatt (GIR) ikkje skal utvekslast, er det nok å føre opp landkoden for Noreg. Oppgi verdien “GIR403” eller “GIR404” i «FilingCERole» elementet i Filing Info for å indikere at opplysningane i meldinga for suppleringsskatt (GIR) ikkje skal utvekslast.
Deferred Taxes Recast
Etter OECD sin XML Schema User Guide skal «Recast» elementet under »DeferedTaxAdjstAmt/Adjustment/Recast» fyllast ut på verksemdsnivå. Dette medfører at «Recast» elementet må førast opp per justering for den aktuelle verksemda. Når elementet «Recast» skal førast opp for ei verksemd, må elementet «AdjustmentItem» fyllast ut med verdien «GIR2516» og «Amount» førast opp med verdien «0» for å unngå XSD-valideringsfeil.
DocSpec
Før opp verdien OECD1 i elementet DocTypeIndic. Dei alternative førehandsdefinerte verdiane skal ikkje brukast ved levering av melding for suppleringsskatt (GIR) i Noreg. Elementet DocRefId skal fyllast ut med ein valfri tekst som gir ein unik referanse, til dømes GIR2024NOII, der II blir erstatta med eit nytt tal for kvar del av fila.
Prosentverdiar utanfor tillate intervall
Etter OECDs XML Schema User Guide skal prosentverdiar fleire stader i XML-fila liggje innanfor intervallet 0–100%, eller 1 til 0 der verdien skal førast opp som eit desimaltal. I somme tilfelle vil den berekna prosentverdien liggje utanfor dette intervallet (0–100 %). Verdien skal setjast til «0», dersom den berekna prosentverdien er lågare ein 0% (negativ). Er den berekna prosentverdien over 100 %, skal verdien setjast til «100%» (eller «1» når verdien blir oppgitt som desimaltal) for å unngå XSD-valideringsfeil.
AdditionalDataPoint
Ved bruk av enkelte valreglar må elementet AdditionalDataPoint fyllast ut. Dette gjeld følgjande val:
Valet om å ikkje inkludere auke av utsett skatteforplikting i justering for utsett skatt kan du gjere som eit eittårs- eller femårsval.
Vel du å gjere eit eittårsval, jf. suppleringsskatteforskrifta § 4-2-2 og kommentarane til modellreglane artikkel 4.4.7 punkt 112.1, skal du ikkje bruke Art.4.4.7 elementet. I staden skal verdien “ADT3 Art.4.4.7” førast opp i elementet Decription. I Text elementet skal du skrive inn «Unclaimed Accrual Annual Election». I tillegg må du føre opp informasjon om TIN for dei verksemdene valet gjeld for i Text elementet, med mindre verksemda har valt å bruke forenkla metode for rapportering. I Text elementet skal du også føre opp stien til elementet som Additional Data Point gjeld for. Resten av elementa under Additional Data Point skal ikkje fyllast ut.
Vel du derimot å gjere eit femårsval, gjeld rettleiinga for utfylling av XML-fila i OECD sin XML Schema User Guide side 82.
Om det øvste morselskapet i konsernet er ei eining med deltakarfastsetjing og den rapporterande verksemda bruker reglane i suppleringsskattelova § 7-1 (modellreglane artikkel 7.1), skal UPEAdjustments-elementet fyllast ut. Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECD sin XML Schema User Guide side 65–68.
I Basiselementet som indikerer grunnlaget for justeringa, manglar det ein verdi for å indikere bruk av suppleringsskattelova § 7-1 andre ledd (modellreglane artikkel 7.1.2). Ved utfyllinga av elementet skal derfor verdien GIR1910 (Article 7.2.2) førast opp. I tillegg skal Reductions elementet i stien GloBEBody/ Jurisdiction Section/ GloBETax/ ETR/ ETRStatus/ ETRComputation/ AdjustedFANIL/ Adjustment/ UPEAdjustments/ Reduction fyllast ut.
Verdien “ADT1 Basis” skal førast opp i Description elementet i Additional Data Point, og verdien i Reduction elementet skal også førast opp i elementet Amount i Additional Data Point. Elementet Text skal også fyllast ut med “Article 7.1.2”.
Viss elementet Reduction/Exception blir fylt ut, skal elementet Text i staden fyllast ut med “Article 7.1.2, Exception“, og dessutan informasjon om stien til elementet som Additional Data Point gjeld for.
Viss Basis blir fylt ut med “GIR1910” fordi det er gjort ei justering etter suppleringsskattelova § 7-2 andre ledd (modellreglane artikkel 7.2.2.), skal elementet Basis gjentakast og brukast to gonger.
Resten av elementa under Additional Data Point skal ikkje fyllast ut.
Valet om å inkludere gevinst eller tap på eigenkapitalinvesteringar jf. suppleringsskatteforskrifta § 3-2-2 femte ledd (modellreglane artikkel 3.2.1, c) er ikkje inkludert i XML-fila. Dersom den rapporteringspliktige verksemda bruker dette valet skal informasjon om dette blir tatt inn i AdditionalDataPoint elementet.
Elementet Description skal fyllast ut med verdien “ADT2 EquityGain”. Det relevante gevinsten eller tapet på eigenkapital som inngår i justert overskott eller underskott når valet om inkludering av eigenkapitalinvestering blir brukt, skal førast opp i elementet Amount. Element Text skal fyllast ut med stien til elementet som Additional Data Point gjeld for. Resten av elementa under Additional Data Point skal ikkje fyllast ut.
Valreglar
Suppleringsskattelova og modellreglane inneheld nokre valreglar. Valreglane er anten eittårs- eller femårsval.
- Eittårsval gjeld berre for det rekneskapsåret valet er gjort.
- Femårsval kan ikkje opphevast for valåret eller dei fire etterfølgjande rekneskapsåra og gjeld inntil dei blir oppheva.
Nokre val blir gjorde på landsnivå, medan andre blir gjorde på verksemdsnivå. For eit eittårsval viser du at valet er brukt ved å fylle ut elementet for det aktuelle valet med «1» eller «tru».
For rapporteringsår der eit femårsval gjeld, fyller du ut elementet «Status» med anten «1» eller «tru» og elementet «ElectionYear» med året valet vart tatt. Elementet «RevocationYear» skal ikkje fyllast ut så lenge valet gjeld. Dersom valet er kalla tilbake i rapporteringsåret eller i eitt av dei fire tidlegare rapporteringsåra, fyller du ut elementet Status med «0» eller «false», elementet «ElectionYear» med året valet vart tatt og elementet «RevocationYear» med året valet vart kalla tilbake. Dersom femårsvalet verken gjeld for rapporteringsåret eller har vore gjeldande i nokon av dei fire tidlegare rapporteringsåra, skal valet og dei tilhøyrande elementa ikkje fyllast ut.
Valreglane kan også brukast ved berekning av nasjonal suppleringsskatt. Unntak frå dette gjeld bruk av forenkla metode for rapportering dersom det aktuelle landet ikkje tillèt bruk av denne metoden.
Den rapporterande verksemda må sjølv setje seg inn i kva land dette eventuelt gjeld for og sørgje for at opplysningane blir rette etter nasjonale reglar i det aktuelle landet.
Val på verksemdsnivå blir som hovudregel rapportert under elementet JurisdictionSection/GlobeTax/ETR/CEComputation/ Elections, og rettleiing til utfylling av XML-fila er tatt inn i OECDs XML User Guide side 78–85. For rettleiing knytt til val under suppleringsskattelova § 7-3 og modellreglane artikkel 7.3 sjå OECD sin XML User Guide (Adjusted Covered Tax og DeemedDistTax elementet) side 93–97.
Val på landsnivå blir normalt gjort under elementa i Jurisdiction Section/GloBETax/ETR/Election, og rettleiing til utfylling av XML-fila er tatt inn i OECD sin XML User Guide side 51–56. Sjå også OECD sin XML User Guide side 47–49 for rettleiing om utfylling av InitiallntActivity elementet ved bruk av unntaksregelen for konsern i startfasen av internasjonal aktivitet, jf. suppleringsskattelova § 2-14 og modellreglane artikkel 9.3. Bruk av denne regelen skal også reflekterast i General Section.
Det er ikkje høve til å gjere endringar i val etter at melding for suppleringsskatt (GIR) er levert. Ei fastsetjing kan berre endrast når fastsetjinga er feil, jf. skatteforvaltningslova § 12-1. Ein førespurnad om endring som berre gjeld endring av val kan derfor normalt ikkje takast til følgje.
Safe Harbour og unntaksreglar
Val knytte til bruk av Safe Harbour-reglar eller unntaket for bagatellmessig inntekt og resultat blir gjort på landsnivå. Du gjer valet ved å fylle ut dei relevante elementa under ETR Exception. Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECD sin XML Schema User Guide side 57-61. Vala skal også reflekterast i Summary.
Ved bruk av testen for rutinemessig overskott under forenkla berekningsmetode eller mellombelse Safe Harbour knytt til land-for-land-rapportering, må den rapporterande verksemda også fylle ut elementet Substance Exclusion i Jurisdiction Section. Dette gjeld likevel ikkje dersom konsernet har rapportert null eller negativt resultat for landet. Når SubstanceExclusion blir fylt ut, må også resten av «validation» elementa i OverallComputation fyllast ut med verdien 0 for å unngå XSD-valideringsfeil. Dette gjeld elementa FANIL, AdjustedFANIL, NetGlobeIncome, IncomeTaxExpense, ETRRate, TopUpTaxPercentage, ExcessProfits, TopUpTax og ExcessNegTaxExpense.
Bruker du Safe Harbour-regelen for forenkla berekningsmetode for uvesentlege konserneiningar, skal relevante opplysningar for den aktuelle testen fyllast ut under Non-material CE elementa under OverallComputation. Rettleiing for utfylling av XML-fila følgjer av OECD sin XML Schema User Guide side 58–60 og side 117–119.
Dersom det er ikkje-uvesentlege konserneiningar lokaliserte i same land eller som inngår i same undergruppe som dei uvesentlege konserneiningane, skal det gjerast fulle berekningar for desse i Jurisdiction Section.
Når testen for rutinemessig overskott eller bagatellmessig inntekt og resultat (de minimis) blir brukt, og det er verksemder i den aktuelle undergruppa som ikkje er uvesentlege konserneiningar, skal «FinancialData» og «Average» elementa under «Globe Tax/ Deminimis/SimplifiedNMCECalc» også fyllast ut for dei verksemdene som ikkje er uvesentlege konserneiningar.
Valet om å bruke kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour skal førast opp i Summary.
Kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour kan ikkje brukast viss ein av swich-off reglane i suppleringsskatteforskrifta § 5-7-10 tredje ledd blir brukt.
Safe Harbour-regelen for kvalifisert nasjonal suppleringsskatt for eit land eller ei undergruppe kan brukast i kombinasjon med éin av dei andre Safe Harbour-reglane eller unntaket for bagatellmessig inntekt og resultat.
Når verksemda som leverer melding for suppleringsskatt (GIR) vel å bruke kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour for eit land eller ei undergruppe, skal Jurisdiction Section fyllast ut basert på dei nasjonale reglane som gjeld i Safe Harbour landa.
Slik skal du fylle ut Jurisdiction Section om du vel å bruke kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour:
- Om du berre bruker reglane om kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour, skal Jurisdiction Section fyllast ut for landet eller undergruppa. Opplysningar i Jurisdiction Section skal då fyllast ut basert på dei nasjonale reglane i det aktuelle Safe Harbour landet.
- Om du gjer eit tilleggsval for å kombinere kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour med ein annan Safe Harbour-regel eller unntaket for bagatellmessig inntekt og resultat, skal berre dei relevante delane for denne Safe Harbour eller unntaksregelen i Jurisdiction Section fyllast ut.
- Low Tax Jurisdiction eller UTPR Attribution elementa skal ikkje fyllast ut ved bruk av kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour, med mindre dei aktuelle reglane i Safe Harbour landet fordeler nasjonal suppleringsskatt mellom verksemdene i landet basert på deira justerte resultat.
- Ved bruk av kvalifisert nasjonal suppleringsskatt Safe Harbour for Noreg eller undergrupper lokaliserte i Noreg skal elementa LowTaxJurisdiction/TopUpTaxAmount, LTCE/TIN, LTCE/IIR/NetGlobeIncome og LTCE/IIR/TopUpTax fyllast ut når det blir berekna nasjonal suppleringsskatt i Noreg.