Opprette forvaltarkonto (NOM-konto)
Forvaltarar må søkje om løyve til å opprette forvaltarkonto (NOM-konto) i VPS med lågare sats enn 25 prosent.
Vilkår for løyvet
For å få løyve til å opprette forvaltarkonto med lågare skattesats, må du stadfeste at du
- har fått løyve frå Finanstilsynet
- berre skal registrere aksjar på forvaltarkonto i VPS med redusert kjeldeskattesats på vegner av endeleg utbyttemottakar etter å ha fått dokumentasjon
- skal sørgje for at dokumentasjonen blir fornya innan fristane som er sette i skattebetalingsforskrifta § 5-10a
- vil leggje fram opplysningar om endeleg utbyttemottakar på førespurnad frå Skatteetaten
- er kjent med at det norske selskapet som utbetaler utbytte har plikt til å trekkje og innbetale korrekt kjeldeskatt på aksjeutbytte til utanlandske aksjonærar, og at du kan bli halde ansvarleg dersom skattetrekket ikkje blir utført riktig
- merke forvaltarkonto i VPS med «NOM»
Om du har fått løyve etter reglane som gjaldt før 1. januar 2019, må du søkje om eit nytt løyve.
Søk om løyve
Dette må søknaden innehalde
- Finanstilsynets ID
- Stadfesting på at du har gjort deg kjend med dokumentasjonskrava for redusert eller 0 prosent kjeldeskattesats på utbytte, og med vilkåra for løyvet
- Kopi av løyve frå Finanstilsynet til å stå oppført som forvaltar i norsk verdipapirregister. Du kan også vise til registeret til Finanstilsynet over autoriserte forvaltarar, dersom det kjem der fram at du har eit slikt løyve.
- Skjema med opplysningar om dei endelege utbyttemottakarane.
- Last ned og fyll ut excel-skjema
- Når du sender inn skjemaet, stadfestar du at du kjenner reglane for redusert eller 0 prosent kjeldeskattesats på utbytte etter skatteavtale eller fritaksmetode.
Send søknaden til oss på ein trygg måte
Søknaden med vedlegg skal sendast elektronisk.
Ta kontakt med oss for å avklare ein sikker måte å sende søknaden.
Kontakt oss
Om du har spørsmål, kan du skrive til oss.
Hugs at du ikkje må dele sensitive opplysningar når du ikkje er logga inn.
Aktuelt regelverk
- Kven som kan vere forvaltar, plikter og rettar, og reglar etter aksjelovene: Allmennaksjelova § 4-10, jamfør aksjelova § 4-4
- Opning av forvaltarkonto i ein verdipapirsentral og pliktene til forvaltaren: Verdipapirsentrallova - Kapittel 4
- Gjennomføring av skattetrekk i aksjeutbytte til utanlandsk utbyttemottakar, under dette dokumentasjonskrava for å trekkje lågare enn 25 prosent: Skattebetalingsforskrifta § 5-10a
- Ansvarsregel Skattebetalingsloven § 16-21 anna ledd