Frådrag for forsking og utvikling – SkatteFUNN

SkatteFUNN er ei ordning som gir rett til frådrag i skatt for kostnader til forsking og utvikling.  

Frådraget i skatt kjem i tillegg til inntektsfrådraget for forskings- og utviklingskostnadene.

Ordninga blir administrert av Forskingsrådet i samarbeid med Skatteetaten. 

 

Gjeld dette meg?

Dette gjeld deg som driv skattepliktig verksemd og har eit godkjent prosjekt i SkatteFUNN-ordninga hos Forskingsrådet. 

Prosjektet ditt må vere godkjent av Forskingsrådet

Du får svar på søknaden i eit godkjenningsbrev på e-post eller i eiga portalløysing. Utan godkjenning kan du ikkje få fordelane av SkatteFUNN. 

Skatteetaten får opplysningar om godkjende prosjekt frå Forskingsrådet.

Dette må du gjere etter at du har fått SkatteFUNN-prosjektet ditt godkjent

Ver spesielt merksam på følgjande: 

 

For å få frådrag i skatt for kostnader til forsking og utvikling (FoU) må du gi opplysningar i skattemeldinga. Du skal bruke temakortet «Skattefrådrag for kostnader til forsking og utvikling».   

Frådraget skal vere basert på prosjektrekneskapen og timelistene. Revisor må signere før frådraget kan godkjennast.

Prosjektrekneskapen

Du må føre ein eigen rekneskap for prosjektet. Rekneskapen må førast kontinuerleg gjennom året. 

Prosjektrekneskapen må dokumentere både dei berekna og dei faktiske kostnadene.

  • Berekna kostnader er kostnader som står i den godkjende søknaden. 
  • I berekninga av SkatteFUNN-frådraget skal du setje inn dei faktiske kostnadene du har. Det er den sjablongmessige berekninga av lønnskostnadene skal inn i prosjektrekneskapen, ikkje dei verkelege kostnadene som står i den vanlege rekneskapen. 

Skiljet mellom kostnader til ordinær drift og kostnader til forskingsarbeid 

Du må skilje mellom forskingskostnadene og dei alminnelege kostnadene til den ordinære drifta. 

Dette blir rekna som kostnader

Det blir gitt frådrag for kostnader som er knytte direkte til det godkjende prosjektet. Du er ansvarleg for å sjekke at berre rette kostnader blir tatt med.

  • personalkostnader 
  • kostnader til vitskapleg og teknisk utstyr
  • reise-, transport- og møtekostnader

  • Kostnader til revisor. Slike kostnader blir rekna som alminnelege driftskostnader.
  • Personalkostnader som ikkje er innanfor godkjenninga. 
  • Bruk av utstyr bedrifta allereie eig. 
  • Prøveproduksjon som er ein del av den ordinære drifta.

Avgifter som blir refunderte eller avrekna, inngår ikkje i prosjektkostnadene.Dette gjeld til dømes dersom føretaket får frådrag for meirverdiavgifta i ettertid (tilbakegående avgiftsoppgjer).

 

 

Kostnader før godkjenninga av prosjektet 

Du kan ta med kostnader frå tida før godkjenningstidspunktet i det året prosjektet vart godkjent. 

Personalkostnader 

Oppgi talet på timar brukte til prosjektet. For eigne tilsette er det ei grense for kor mange timar du kan registrere for kvar tilsett. Grensa er maksimalt 1 850 timar per prosjekt per år. Timesatsen er avgrensa til 1,2 promille av den normale årslønna til medarbeidaren. Dette er den lønna som er avtalt og reelt blir utbetalt, og ho kan maksimalt vere 700 kroner per time.

Innkjøp av FoU-tenester

Ved kjøp av FoU-tenester frå ei nærståande bedrift er den maksimale timesatsen 700 kroner per time.  

Det blir berre gitt frådrag for innkjøp av FoU-tenester frå føretak innanfor EØS og land som Noreg har skatteavtale eller informasjonsutvekslingsavtale med (regjeringa.no).

Det må førast timelister kvar dag i prosjektet. Desse skal vise datoen, talet på timar og kva delmål FoU-deltakaren arbeidde med. Timelistene skal signerast av prosjektdeltakaren og den prosjektansvarlege etter kvart, og minst kvart kvartal. Timelistene kan signerast elektronisk viss det kan dokumenterast at signeringa er gjennomført av prosjektdeltakaren og den prosjektansvarlege. 

Ulønt arbeidsinnsats kan ikkje inngå i frådragsgrunnlaget.  

Det er svært tydelege krav til timelistene (forskingsradet.no).

Prosjektrekneskapen skal signerast av revisor i Altinn. Dette er ein føresetnad for å få SkatteFUNN-frådraget.  

Kravet om signatur gjeld uavhengig av om du må ha revisor-godkjenning på andre delar av rekneskapen din.

Det er ei øvre grense for kor mykje du kan få i offentleg støtte, og dette kan gjere at du får mindre i SkatteFUNN-frådrag. 

Som offentleg støtte reknar ein mellom anna støtte til prosjektet frå Innovasjon Noreg, offentlege næringsfond og fleire typar EU-program, og redusert arbeidsgivaravgift.  

Det er ulike grenser for kor mykje maksimal offentleg støtte til prosjektet kan utgjere. Dette kan få noko å seie for kor mykje skattefrådrag du kan få. 

Dersom den samla offentlege støtta til prosjektet overstig den høgaste tillatne samla støtta, må du avgrense FoU-frådraget det siste prosjektåret.

Reglane om statsstøtte er skildra detaljert hos SkatteFUNN (Forskingsrådet)

For å kunne få SkatteFUNN-støtte for eit prosjekt er det ein føresetnad at bedrifta ikkje blir rekna som eit «føretak i vanskar» på det tidspunktet Forskingsrådet godkjenner søknaden. 

Vurderinga skal skje på grunnlag av den sist avlagde årsrekneskapen eller mellombalansen. Balansedatoen må vere mellom den sist avlagde rekneskapen og før godkjenningstidspunktet for prosjektet. 

Føretaket kan ikkje vere eit «føretak i vanskar», verken på selskaps- eller konsernnivå. Omgrepet konsern skal forståast slik det blir nytta i EØS-retten.

Spesielle forhold

Ved samarbeidsprosjekt mellom fleire skattepliktige, gjeld kostnadsramma på 25 millionar for kvart prosjekt per år.

Frådraget blir fordelt forholdsmessig mellom bedriftene etter kor stor del av totalramma kvar enkelt bedrift har hatt. 

Bedriftene som samarbeider, må sende kvar sin søknad der dei skildrar sitt eige bidrag i prosjektet. 

Prosjektgodkjenninga er knytt til organisasjonsnummeret til selskapet. Ved omorganisering der verksemda blir vidareført i eit nytt selskap med eit nytt organisasjonsnummer, må det søkjast om ny godkjenning hos Forskingsrådet.

SkatteFUNN-frådraget kjem i skatteoppgjeret.

Har du underskott, vil heile beløpet stå som eit tilgodebeløp på skatteoppgjeret. 

Skattefrådraget for FoU-kostnadene til selskapet blir gitt i skatten og trygdeavgifta til deltakarane. Kvar av deltakarane må krevje frådrag for sin del i skattemeldinga si.

Du må levere skattemeldinga di via eit årsoppgjerssystem når du er ein del av SkatteFUNN-ordninga. 

Eigaren av enkeltpersonføretaket kan ikkje registrere eigne timar i prosjektrekneskapen. 

Satsar

Satsen for frådrag er 19 prosent av kostnadene. Kostnadene er avgrensa til 25 millionar per år.  

Datoar og fristar

Du må levere skattemeldinga med næringsspesifikasjon seinast 31. mai for å få frådraget i ordninga.

SkatteFUNN-ordninga har eigne fristar for søknader og dokumentasjon. Sjekk desse hos Forskingsrådet.  

Dokumentasjon

Mottar du SkatteFUNN-frådrag, er det spesielt viktig at du fører prosjektrekneskap og timelister. Desse må du kunne leggje fram viss Skatteetaten ber om det.