Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Delar av dette innhaldet er ikkje tilgjengeleg på nynorsk enno.
TEST - Forskuddsskatt for privatpersoner
Har du skattepliktig inntekt eller formue du ikke blir trukket skatt av, skal du som regel betale forskuddsskatt. Det kan gjelde privatpersoner som har høy formue eller inntekter som det ikke trekkes skatt fra, for eksempel høye utleieinntekter eller gevinst på aksjer du har solgt.
Du skal også som regel betale forskuddsskatt dersom du driver selvstendig næringsvirksomhet:
Kva vil du gjere?
Dersom du som privatperson har høg formue eller inntekter som det ikkje blir trekt skatt frå, til dømes høge utleigeinntekter eller gevinst på aksjar du har selt, kan du søkje om forskotsskatt:
Logg inn og søk om forskotsskatt
Når du fyller ut søknadsskjemaet
Du må fylle inn beløpet for inntekta eller formuen du skal betale forskotsskatt for. Vi vil rekne ut kor mykje forskotsskatt du skal betale.
Om du ikkje veit beløpet for inntekta eller formuen nøyaktig, må du anslå så godt du kan. Sjekk også at andre opplysningar om inntekt og frådrag er riktige. Døme på andre opplysningar er lønn og gjeldsrenter.
Personar som betaler forskotsskatt får vanlegvis faktura fire gonger i året. Fakturaene finn du i innboksen din i Altinn eller i nettbanken din.
Dersom du ikkje har fått faktura, kan du sjølv finne kontonummer og lage KID-nummer. Du betaler i nettbanken din på same måte som du betaler andre rekningar.
Det blir ikkje sendt ut nye fakturaer ved endring etter at opphavleg faktura er send ut.
Viss du har gjort endringar
Viss du har logga inn og endra forskotsskatten etter at du fekk ein faktura i nettbanken din, kan du sjølv endre beløpet på fakturaen før du betaler den. Viss forskotsskatten er null kroner, kan du slette fakturaen frå nettbanken din utan å betale den.
Betalingsfristar
- 15. mars
- 15. juni
- 15. september
- 15. desember
Ver nøye med å betale forskotsskatten innan fristen
Når ein termin ikkje er betalt innan fristen (ved forfall), må forskotsskatten for heile året betalast. Det betyr at heile forskotsskatten for dette året kan tvangsinnkrevjast gjennom Forseinkingsrenter kjem i tillegg. Renter løper frå forfall og fram til betaling skjer.
Du vil motta eit varsel frå oss om dette.
Kor mykje forskotsskatt skal du betale?
Du skal betale forskotsskatt basert på forventa inntekt og/eller formue.
I søknadsskjemaet vil du sjå berekning av forskotsskatt og eventuell prosent for skattekort nedst på sida.
Kan du ikkje betale?
Forskotsskatten skal betalast til forfall. Det gjeld sjølv om du har søkt om å endre skatten, og ikkje har fått svar på søknaden. Betalingsutsetting eller avdragsordning blir berre unntaksvis innvilga.
Skatteetaten bruker informasjon om inntekta di og formuen din frå siste tilgjengelege skatteoppgjer for å rekne ut kor mykje forskotsskatt du skal betale.
Dersom inntekta di eller formuen din blir lågare eller høgare enn forventa, bør du endre forskotsskatten slik at du slepp å betale for mykje eller for lite forskotsskatt.
Du må anslå, så godt du kan, kor mykje inntekt og formue du kjem til å få i år. Kontroller også at oppførte frådrag er korrekte.
Mer informasjon om forskuddsskatt
Du kan sjølv justere fordelinga mellom forskotsskatt og skattetrekk. Du kan til dømes justere slik at du får eit høgare skattetrekk på løna din og lågare forskotsskatt, eller omvendt. Du kan ikkje endre forskotsskatten til eit lågare beløp enn det du allereie har betalt i forskotsskatt i år. Justering mellom forskotsskatt og skattetrekk endrar ikkje den totale utrekna skatten.
Du må logge inn for å gjere endringar mellom forskotsskatt og skattetrekk. Når du er logga inn, finn du dette feltet for justering av forskotsskatt nedst på sida:
Sjå kor mykje du har betalt i forskotsskatt
Du kan sjekke kor mykje du har betalt i forskotsskatt ved å logge inn på Sjå krava og betalingane dine.
Du får éin samla forskotsskatt, éi skattemelding og eitt skatteoppgjer. Du får eitt samla krav for alle skatteforholda.
Viss du har spørsmål eller ønskjer å søkje om endring av forskotsskatten, må du skrive ut skjema RF-1102 og sende det til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
0134 OSLO
Skriv ut skjema RF-1102 – Søknad om endring av skattekort/forskotsskatt
Papirskjemaet inneheld mange postar. Du skal berre fylle ut postane som gjeld for deg.