Betalingsavtale for skatt og avgift

Ein betalingsavtale er ein avtale om betalingsutsetjing, avdrag eller ein kombinasjon av begge delar. Hovudregelen er at skatt og avgifter skal betalast ved forfall.

Betaler du ikkje ved forfall, må du betale forseinkingsrenter. Viss du framleis lar vere å betale, må vi krevje inn pengane ved tvang. Då kan vi til dømes trekkje deg i lønn eller ytingar, eller ta pant i eigedelane dine. Det fører til at du får ein betalingsmerknad.

Har du problem med å betale i tide, er det viktig at du søkjer om hjelp så tidleg som mogleg.

Desse kan få betalingsavtale

Det er strenge vilkår for å få ein betalingsavtale. Alle vilkåra må vere oppfylte:

  • Det er ikkje mogleg for deg å betale på vanleg måte.
  • Du må komme med eit forslag til ein nedbetalingsplan.
  • Tilbodet må vere det beste du kan komme med.
  • Tilbodet må gi raskare nedbetaling enn ved tvangsinnkrevjing, som trekk i lønn, pensjon eller ytingar eller utleggsforretning
  • I tillegg vurderer vi om det er støytande eller om det svekkjer den alminnelege betalingsmoralen om du får ein slik avtale.

Slik søkjer du om betalingsavtale

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt og/eller arbeidsgivarvgift
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Du kan søkje om betalingsutsetjing eller betalingsavtale for

  • skatt/arbeidsgivaravgift
  • meirverdiavgift
  • særavgift, motorvognavgift, inn- og utførselsavgift og vektårsavgift

Treng du hjelp?

Skattehjelpen er ei eining i Skatteetaten som hjelper skattebetalarar som er i ein særleg vanskeleg livssituasjon. Målet er å finne løysingar som kan forbetre situasjonen og gjere skattebetalaren i stand til å betale riktig skatt.