Det du ser på denne siden er en test-versjon. Denne er under arbeid, og testes og kvalitetssikres nå internt i Skatteetaten.
Tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt på pensjon og uføreytingar
Viss du vart trekt skatt ved utbetalinga av pensjon eller uføreyting i 2023 før du fekk frikort, kan du søkje om å få utbetalt trekt skatt.
Søkjer du ikkje om tilbakebetaling, vil for mykje trekt skatt bli avrekna og utbetalt i samband med skatteoppgjeret til neste år. Då får du renter på tilgodebeløpet. Til dømes vil for mykje trekt skatt i 2022 bli utbetalt saman med skatteoppgjeret for dette året, som er klart i løpet av hausten 2023.
Når du søkjer om å få utbetalt trekt skatt, må du oppgi
- fødselsnummeret eller d-nummeret ditt
- kva bankkonto beløpet skal setjast inn på. Du må oppgi IBAN for kontoen din (International Bank Account Number) og BIC (SWIFT-adresse) for den utanlandske banken din (bankfilialen din).
Du må også leggje ved ein stadfesta kopi av pass (eller annan legitimasjon med bilde) og dokumentasjon som viser at du eig kontoen eller har disposisjonsrett til han.
Bur du i eit land som ikkje bruker IBAN/BIC, må du gi tilstrekkelege opplysningar om kontoen din, i tillegg til namnet og adressa til banken. Sjekk med banken kva opplysningar som er nødvendige.
Vi gjer merksam på at du ikkje får rentegodtgjersle når trekt skatt blir betalt ut før skatteoppgjeret.
Søknader om tilbakebetaling av trekt kjeldeskatt skal sendast til:
Skatteetaten
Postboks 9200 Grønland
NO-0134 OSLO
Telefon frå utlandet +47 22 07 70 00
Telefon frå Noreg 800 80 000
Sende melding: Du kan ikkje nytta e-post, men send oss ei melding.
Hugs å gje opp fødselsnummeret eller D-nummeret ditt når du vender deg til Skatteetaten.
Skattemelding for inntektsåret 2022
Når du får tilsendt den norske skattemeldinga i 2023, er det viktig at du
- endrar det beløpet som står i skattemeldinga og oppgir det beløpet som er skattepliktig. Ver merksam på at dersom du meiner at eit beløp ikkje er skattepliktig, skal det stå ein merknad på det aktuelle kortet. Aktuell merknad for fritak vil vere «ikkje skattepliktig kjeldeskatt på pensjon». Du skal ikkje setje beløpet til 0 kroner, men la beløpet stå med ein merknad om ytinga høvesvis er skattepliktig eller ikkje.
- leverer skattemeldinga
Skatteetaten kan krevje at du sender inn
- ei stadfesting på bustad frå skattestyresmaktene i landet du bur (Certificate of Residence) som uttrykkjeleg stadfestar at du er skattemessig busett der
- annan dokumentasjon når berre visse typar pensjonar eller uføreytingar er skattefrie, eller det er andre vilkår for skattefritak
Viss du ikkje leverer skattemeldinga og dokumentasjon for inntektsåret 2022, får du 15 prosent skatt på pensjonen ved skatteoppgjeret. Du vil då få restskatt.